Djupnekartlegg i Nordsjøen i 2023
Publisert: 14.03.2023 Oppdatert: 31.03.2023
Mareano sett søkelys på Nordsjøen i 2023, med sikte på å svare opp kunnskapsbehovet knytt til dei nye marine næringane – som havvind og havbruk til havs – og føreslåtte særleg verdifulle og sårbare område (SVO) i Nordsjøen.
Eit område i Norskerenna på til saman 2887 km2 skal djupnekartleggas av Fugro Germany Marine GmbH i perioden juni–juli i år. Ein open anbodskonkurranse blei publisert i desember 2022. Kartverket hadde sett klima- og miljøkrav til konkurransen. Kontrakten har ein verdi på 17,5 millionar kroner.
I tillegg skal Kartverket sitt fartøy MS «Hydrograf» djupnekartleggje ei område på 2693 km2 innafor terretorialgrensa i Norskerenna.
Barentshavet
På Spitsbergenbanken og Hopendjupet skal Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) djupnekartleggje område på til saman 3169 km2, i regi av Mareano. FFI sitt forskingsfartøy MS «H.U. Sverdrup II» legg ut på tokt i Barentshavet i august–september 2023.