Gå til hovedinnhold

Opptak av webinaret «Derfor kartlegg vi havbotnen»

I løpet av éin time får du høyre om kor, kvifor og korleis Mareano kartlegg havbotnen. Vi er også innom kva vi gjer i Nordsjøen, mineralutvinning og vern av sårbar natur i djuphavet. Det heilt ferske kartet over leveområde for botndyr blir også presentert.

Webinaret blei arrangert som eit nettseminar i Teams 24. november 2022 og var gratis og opent for alle.

Sjå Mareano-webinaret "Derfor kartlegg vi havbotnen"

Mareano-webinar: Derfor kartlegg vi havbotnen from Kartverket on Vimeo.

Program

Velkomen – dette er Mareano-programmet 
Sissel Kanstad, Kartverket

Globale forventingar og nasjonal oppfølging – Mareanos kunnskapsbidrag
Ove Hokstad, Nærings- og fiskeridepartementet

Havbotnkartlegging – kor, kvifor og korleis?
Hanne Hodnesdal, Kartverket

Mareano set kursen mot Nordsjøen
Ida Kessel Nordgård, Miljødirektoratet

Kartlegging i djuphavet – mineral som kan utvinnast og vern av sårbar natur?
Terje Thorsnes, Norges geologiske undersøking (NGU)

Forenkla forvalting: Nytt kart over leveområde for botndyr 
Genoveva Gonzales-Mirelis, Havforskingsinstituttet

Takk for no
Sissel Kanstad, Kartverket

Spørsmål og svar

Tema: Kartlegging av forsøpling

Er det planlagt kartlegging av forsøpling på havbotnen som del av arbeidet på forureining? Det er svært lite kjent kor mykje søppel som er på havbotnen, men det er mange modellar med utrekningar som søker å seie noko om det. Hadde vore spanande om dette også overvakast når ein først gjennomfører eit så omfattande prosjekt. 

Svar frå Fritjof Moy (Havforskingsinstituttet):

Mareano kartlegg både forsøpling og forureining på havbotnen. Alle stasjonar video-filmast og observert søppel registrerast og klassifiserast i kategoriar av søppel. 

Søppel rapporterast årleg, og kartportalen til Mareano oppdaterast fortløpande. Søker du på «søppel» på mareano.no eller hi.no finn du fleire nyheiter om temaet.

Du kan velje søppel eller kjemiske analyser i kart-laga lista opp på venstre side i Mareano si kartteneste.

På eit utval av stasjonar tek Mareano prøver av botnsediment som analyserast for mikroplast og miljøgifter. Les meir om miljøgifter:

Mareano-kartlegginga er eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet, Kartverket og Noregs geologiske undersøking. Havforskingsinstituttet registrerer søppel og analyserer organiske miljøgifter. NGU analyserer for mikroplast og uorganiske stoff. 

Tema: "Kartlegging i djuphavet  – mineral som kan utvinnast og vern av sårbar natur?"

Sedimentutvinning på havbotnen vil sannsynlegvis virvle opp mengder med særdeles finkorna sediment, som vil ha potensial til å spreie seg over store område i vassmassane. Er det gjort nokre vurderingar av korleis denne sedimentplumen vil kunne påverke livet i mesopelagiske vassmassar?

Svar frå Terje Thorsnes (NGU):

Teknologiske aspekt knytt til ev. utvinning er belyst i grunnlagsrapporten "Teknologirapport havbunnsmineraler" frå DNV, men det er stor usikkerheit knytt til kor lønnsamt det er. Les meir om vurderingar knytt til økonomi: 

Utvinning på havbotnen vil vere teknisk krevjande, så det vil vere lettare å drive utvinning på land. Det kan vere forhold som likevel gjer at mineralutvinning i djuphavet kan vere interessant. Dette kan vere endringar i den geopolitiske situasjonen som gjer at det blir mindre eller ingen tilgang til viktige mineral frå leverandørland som vil utnytte mineral i politisk samanheng, eller at det oppstår kritisk mangel på viktige mineral som t.d. trengst for å gjennomføre det grøne skiftet. Det er vurderingar av dette i konsekvensutredninga som er ute til høyring no:

Tema: Globale forventingar og nasjonal oppfølging – Mareanos kunnskapsbidrag

Kva med kartlegging i norske biland som Bovetøya, Peter I øy og Dronnings Mauds Land?

Svar frå Ove Hokstad (Nærings- og fiskeridepartementet):

Interessant spørsmål. Det er store kostnadar knytt til kartlegging i hav og lite/ingen aktivitet i områda (med det første). Utanfor Dronning Mauds land har den regionale kommisjonen CCAMLR (Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources) gjort nokre undersøkingar.

Kontakt

Bilde av Maud Lauvstad Hansen

Maud Lauvstad Hansen

Miljødirektoratet
Programkoordinator
905 28 126
Bilde av Sissel Kanstad

Sissel Kanstad

Kartverket
Kommunikasjonsrådigver
51 85 88 28 / 995 13 848