Gå til hovedinnhold

Djupnekartlegging for 2023 ute på anbod

I 2023 vil Mareano-programmet djupnekartleggje i Norskerenna i Nordsjøen. Ein open anbodskonkurranse for djupnekartlegging i området er publisert. Det er sett klima- og miljøkrav til konkurransen.

Mareano sett søkelys på Nordsjøen i 2023, med sikte på å svare opp kunnskapsbehovet knytt til dei nye marine næringane – som havvind og havbruk til havs – og føreslåtte særleg verdifulle og sårbare område (SVO) i Nordsjøen.

Anbodskonkurransen er lyst ut på Doffin og TED: 

Kontrakten har ein verdi på 17,5 millionar kroner. Anbodsfristen er sett til 7. februar 2023. Resultatet frå anbodsprosessen vil avgjere kor stort område i Norskerenna i Nordsjøen som faktisk blir kartlagt i 2023.

Kartutsnitt med delar av Noreg drapert av ein grå terrengmodell. Boksar i forskjellige fargar markerer område i Norskehavet kor Mareano-programmet planlegg eller har djupnekartlagt.
OMRÅDE I ANBOD: Dei gule boksane merkar område i Nordsjøen som Mareano-programmet i planlegg å djupnekartleggje i 2023. Kjelde: Kartverket/Mareano

Miljø- og klimakrav

Kartverket har inkludert klima- og miljøkrav i anbodskonkurransen. 

– Marknaden for null- og lågutsleppsfartøy er umodent i survey-bransjen. Dette gjer at vi legg lista lågt for skal-krav, slik at flest mogleg leverandørar kan delta i anbodskonkurransen. Samtidig vil klima- og miljøvennlege løysingar få positiv utteljing i evaluering av tilbod, forklarar Nicolien Haasbroek, prosjektingeniør for Mareano i Kartverket.

– Krava er knytt til dei vesentlegaste miljø- og klimafaktorane, og forsøker å gjere det enkelt for oss sjølv og dei om leverer inn tilbod, seier Haasbroek.

Kartverket har etter dialog med leverandørmarknaden stilt følgjande miljø- og klimakrav (sjå detaljar i publisert anbodskonkurransen):

  1. Kvalifikasjonskrav: System for miljøleiing eller miljøstyring i samsvar med ISO 14001 - miljøleiing eller tilsvarande. Dokumenterast ved sertifisering eller anna dokumentasjon.
  2. Kravspesifikasjon:
    • A) Skal-krav: Leverandøren beskriver energiforbruk på aktivitet utanom feltarbeid (minimum beskrive transport i forbindelse med mannskapsskifte og transport av fartøy og utstyr til mobilisering og frå demobilisering)
    • B) Skal-krav: Estimere energiforbruk i knytt til feltarbeidet per kvadratkilometer sjømålt areal, samt angje type drivstoff.
    • C) Skal-krav: Rapport kvar veke i forbindelse med feltarbeid skal inkludere forbruk av drivstoff.
  3. Evalueringskriterium (vekta 20 prosent): Dokumentasjon av punkt 2 a og 2 b blir brukt i evalueringa. Lite bruk av energi per kvadratkilometer og bruk av grøn energi gjev høgast poengskår.

Krava kan utvikle seg i åra framover, etter kvart som bransjen utviklar seg og Kartverket får erfaring med bruk av miljø- og klimakrav.

Kontakt

Bilde av Nicolien Haasbroek

Nicolien Haasbroek

Kartverket
Dybdekartlegging, anskaffelser
Prosjektingeniør
51 85 87 13 / 418 56 917
Bilde av Sissel Kanstad

Sissel Kanstad

Kartverket
Kommunikasjonsrådigver
51 85 88 28 / 995 13 848