Mareano kartlegg djupne, forholda på botnen, naturtypar og forureining i norske havområde. Resultata blir gjort tilgjengelege på desse nettsidene og visualiserte ved hjelp av kart. I tillegg leverer ei rekke samarbeidspartnarar data og kart frå si verksemd.
Gjennom kartleggingsprogrammet Mareano blir data om djupne, botnforhold, biologisk mangfold, naturtypar og forureining i sedimenta i norske kyst- og havområde samla inn, tilrettelagt og gjort tilgjengelege for allmenta.