På oppdrag frå Mareanos programgruppe leverte Havforskingsinstituttet i april 2018 ein rapport der dei kvantitative fangsteigenskapene for liten og stor grabb blei sammenlikna. Liten grabb samlar inn sediment frå eit botnareal på 0,1 m2, mens stor grabb har eit innsamla areal på 0,25 m2.
Bakgrunnen for prosjektet er at Mareano sidan oppstarten i 2006 og fram til og med 2017 har brukt stor grabb i kartlegginga av norske havområde, og det har vore behov for å finne ut om desse grabbresultata kan samanliknast med data innsamla med liten grabb av petroleumsindustrien ved overvaking av forureining rundt offshore-installasjonane på norsk sokkel og i norsk økonomisk sone. Undersøkinga er gjennomført for å klargjere om Mareano sine faunadata innsamla med grabb kan bidra med grunnlagsdata for petroleumsindustriens rutinemessige offshore-overvaking.