Gå til hovedinnhold

Resultat

Status dekning geobiokjemistasjoner og dybdedata per 6. juli 2019

Status dekning geobiokjemistasjoner og dybdedata per 6. juli 2019

Sidan oppstarten i 2005 har Mareano kartlagt norske havområde i henhold til geografiske føringar i forvaltningsplanane for Barentshavet og Lofoten, og for Norskehavet. Områda som er blitt kartlagte er havområda utanfor Vest-Finnmark, Troms (Tromsøflaket, Troms III, Eggakanten), Troms II), Nordland (Nordland VI og VII), utvalgte areal utanfor Trøndelag og Møre og Romsdal, utvalgte areal i Barentshavet og rundt Svalbard, samt norsk side av delelinja mot Russland i Barentshavet. Sjå kartfigur til venstre.

Det er utvikla eigne standardar for korleis Mareano-kartlegginga skal utførast. Resultata blir fortløpande tilgjengeleggjort blant anna som kart på mareano.no og geonorge.no. Resultata er også leverte til Faglig forum og Overvåkingsgruppen for norske havområde.

Deknings skyggerelieff, alle norske havområder mai 2019

Deknings skyggerelieff, alle norske havområder mai 2019

Djupnekart

Mareano-programmet gjer eigne målingar av djupnedata. I tillegg er det brukt eksisterande data frå Forsvaret, oljeindustri og Olex AS. Både nymålte data i regi av Mareano og data frå andre blir brukt til å lage terrengmodellar og skyggerelieff av havbotnen, som fortløpande blir lagt ut på Mareano sine nettsider for innsyn og på Norge digitalt (www.geonorge.no) for nedlasting.

Les meir:

 

Havbunnskart

Kart over havbotnen

Havbotnkart med informasjon om botnypar og samansetjing av botnsedimenta føreligg for Nordland VI og VII, Troms II og III, Eggakanten, Tromsøflaket og Vest-Finnmark.

Resultata viser at dei grunne sokkelområda er dominerte av sand og grus, med finkorna sediment i lokale forseinkingar. På kontinentalskråninga og i djuphavet spenner sedimenttypane frå sandig grus øvst i -skråninga, til mudder på djuphavssletta, ofte innblanda med rasavsetjingar (grus, stein og kompakte sediment). Sedimentasjonsmiljøkartet viser kva område som er prega av erosjon eller ikkje-avsetjing, og i kva område det føregår avsetjing. Botnreflektivitetskartet viser kor hard- eller bløtbotn førekjem, og blir bl.a. brukt til å velge ut stasjonar for miljøkjemi- og forureining. Landskapskartet er basert på klassifikasjonssystemet Naturtyper i Norge, og viser at landskapstypane kontinentalsokkelslette, marine dalar, jevn kontinentalskråning, marine gjel og dyphavssletter dominerer.

Les meir:

Dominerende arter

Artsmangfald og naturtypar

Mareano kartlegg artsmangfald og naturtypar. Resultata er tilgjengelege som ferdige kart via Mareano si startside.

Kart med biologisk informasjon/biomangfold er lagt ut på nettsidene og er spesifisert for fauna innsamla i ulike økologiske nivå. Artsmangfald for fauna er derfor spesifisert på dei ulike reiskapane som er brukte. Dei mest dominante artane ("topp-ti") for kvar reiskap er tilgjengeleg mht. antal individ og biomasse. Bekrefta registrerte korallførekomstar fins i ferdig kartframstilling, der også korallførekomstar utanfor Mareano-områda er vist. Det er ein generell tendens at artsmangfald er forholdsvis høgt på sokkelen med maksimalverdiar inne ved kysten og på sokkelkanten. Artsmangfaldet avtar med aukande djupne.

Figuren viser stasjonar der dominerande artar er lagt inn som pdf-filar. Går du inn på sjølve kartet, kan du klikke på den stasjonen der du ønsker data.

Les meir:

SumPAH 2006 2017 1

Miljøkjemi og forureining

Miljøkjemi og forureining er undersøkt ved over 200 lokalitetar i Norskehavet og Barentshavet, både på sokkelen og skråninga ned til >2000 m djup når det gjeld Norskehavet. Resultata er publiserte i fagrapportar på www.mareano.no, og viser at havmiljøet i dei undersøkte områda stort sett er reine, med låge konsentrasjonar av miljøgifter. Konsentrasjonane av PAH og enkelte tungmetall har til dels stor variasjon. Litt forhøga verdiar av forbrennings-PAH er registrert mange stader i sediment avsett i moderne tid. Menneskeskapte organiske miljøgifter, inkludert nye miljøgifter som for eksempel PFAS, er kun funne i spormengder i ope hav. Vi har nyleg utført analyser av mikroplast, og foreløpige resultat viser førekomst av mikroplast i alle prøver tatt ved forskjellige lokalitetar. ​​​​​​​

Les meir:

Kontakt

Lilja Run Bjarnadottir Marin

Lilja Rún Bjarnadóttir

Norges geologiske undersøkelse
Geologisk kartlegging, med i utøvende gruppe
Geolog
944 97 728
Hanne Hodnesdal KV foto Holmberg

Hanne Hodnesdal

Kartverket
Dybdekartlegging, med i utøvende gruppe
51 85 88 23 / 473 17 222
Lys2 02 2015

Stepan Boitsov

Havforskningsinstituttet
Organiske forbindelser
Kjemiker
922 44 996
Kjell Bakkeplass

Kjell Bakkeplass

Havforskningsinstituttet
Karttjenester
916 96 987
P Mortensen

Pål Buhl-Mortensen

Havforskningsinstituttet
Biolog
484 03 792
Beate Hoddevik

Beate Hoddevik

Havforskningsinstituttet
Kommunikasjonsrådgiver
908 21 630