Gå til hovedinnhold
USV på seilas inni ei hamn.

NY USV: 18 meter lange Blue Eclipse®, den største USV-en i flåta til Fugro, skal kartlegge over 675 km² i Nordsjøen for Mareano-programmet.

Foto: Fugro

Banebrytande kartlegging med USV i Nordsjøen

For første gong i historia skal Mareano bruke ubemanna overflatefartøy (USV) til å kartlegge djup over eit større område – totalt 675 km2 i Nordsjøen. I august legg Fugro sin største USV ut på tokt for kartleggingsprogrammet.

– Dette er banebrytande arbeid, ikkje berre for Mareano: Det er truleg første gong at vi i Noreg kartlegg i dette omfanget med USV-teknologi, fortel sjefsingeniør Helge Welde i Kartverket, og legg til:

– I år markerer Mareano sitt 20 års-jubileum, men også at vi for første gong bruker ubemanna fartøy under djupneinnsamling.

Fugro vann den opne anbodskonkurransen, og deira nye USV Blue Eclipse® set kursen mot Nordsjøen i august. 

Velutstyrt, ny USV

Blue Eclipse® er 18 meter og den største USV-en i flåten til Fugro, utstyrt med avansert fleirstråle-ekkolodd og botnpenetrerande ekkolodd. USV-en skal samle inn omfattande datasett, inkludert djup, vasskolonnedata, botnreflektivitetsdata (backscatter) og profileringsdata under botn, for å forstå havbotn sin topografi og geologi.

– Å ta i bruk vår avanserte USV Blue Eclipse® i Mareano-programmet er eit viktig skritt, som demonstrerer korleis teknologi for ubemanna fartøy kan bli brukt i storskala kartleggingsprosjekt. Dette oppdraget lar oss levere dei høgoppløyselege og omfattande havbotndataa Mareano krev, samtidig som vi reduserer miljøpåverknaden av undersøkingane, seier Nick Simmons, direktør for Fugro sine USV-tenester.

Område i Nordsjøen som skal kartleggjast

Fugro sin USV Blue Eclipse® skal kartlegge til saman  675 km2 i Nordsjøen for Mareano. Dei prioriterte måleområda er avgrensa til område frå 90 til 250 meters djup innafor tre utvalde blokkar utanfor territorialgrensa.

Kartutsnitt som viser områder som skal kartlegges i Nordjøen i 2025.
NORDSJØEN: Prioriterte måleområde i anbodet er område grunnare enn 250 meter innafor tre utvalde blokkar utanfor territorialgrensa. Kjelde: Kartverket/Mareano

Om anbodsprosessen 

Anbodet blei publisert i januar 2025 med frist 24. februar 2025. Seks tilbydarar leverte anbod, kor Fugro Norway AS vann.

Kontrakten blei publisert med ein verdi på 6 000 000 NOK, med moglegheit for ein opsjon på inntil 10 000 000 NOK i tillegg. I kontrakten med Fugro er det løyst ut ein opsjon på 1 100 000 NOK for å utvide kartleggingsområdet mot Skagerrak.

Tilboda er evaluert etter følgande kriteria:

  • pris (30 prosent)
  • kvalitet og evne (50 prosent)
  • kompetanseoverføring (20 prosent)

Nye miljøkrav til offentlege anskaffingar

Anbodsprosessen med USV som kartleggingsplattform vil hjelpe Mareano med å utvikle spesifikasjon og tildelingskriteria for klima- og miljøomsyn brukt i offentlege anskaffingar.

– Bruk av USV-er er éin metode å redusere klima- og miljøavtrykk når vi kartlegg havbotn. Årets anskaffing vil gi oss eit viktig læringsgrunnlag for framtidige anbodskonkurransar. Korleis den USV-baserte datainnsamlinga går, vil kunne påverke korleis Mareano innrettar anbod for kartlegging i framtida. Det er naturleg å anta at tradisjonelle målefartøy med mannskap vil vere relevante også framover, spesielt med tanke på at Mareano også har behov for å kartlegge utilgjengelege område, som djuphavet i Norskehavet, fortel Welde.

To mennesker sitter og ser på flere skjermer i et kontrollsenter. De styrer en USV.
OPERASJONSSENTER: USV-en Blue Eclipse® blir styrt frå Fugro sitt eksterne operasjonssenter i Aberdeen. USV-en sin lange utholdenheit og dataoverføringsmoglegheiter i sanntid vil sikre effektiv drift og redusere potensielle forsinkingar i det utfordrande farvatnet i Nordsjøen.

Kontakt

Bilde av Sissel Kanstad

Sissel Kanstad

Kartverket
Kommunikasjonsrådigver
51 85 88 28 / 995 13 848
Bilde av Helge Welde

Helge Welde

Kartverket
dybdekartlegging, anskaffelser
sjefsingeniør
51 85 88 47

Nyheiter

HI sin Kongsberg Discovery Sounder USV (ubemanna overflatefartøy), Frigg, ute på havet.

Anbodskonkurranse: Kartlegging med USV

Mareano skal kartlegge med ubemanna overflatefartøy (USV) i Nordsjøen i år. Ein open anbodskonkurranse er publisert.

Kongsberg Discovery Sounder USV (ubemanna overflatefartøy) med navnet Frigg ute på havet.

Mareano skal kartlegge med USV i Nordsjøen

Ein anbodskonkurranse for kartlegging med ubemanna overflatefartøy (USV) i Nordsjøen vil bli annonsert i januar 2025.

Kongsberg Discovery Sounder USV (ubemanna overflatefartøy) med navnet Frigg ute på havet. Snødekte fjell i bakgrunnen.

Kan Mareano bruke USV i Nordsjøen neste år?

Mareano ønsker å kartlegge med ubemanna overflatefartøy (USV) i 2025. No frir programmet til industrien: Vi treng løysingsforslag til bruk av USV som kartleggingsplattform – allereie innan 16. desember.

Kart som viser Norge og havområdene i sør, vest og nord. I havområdene er kartlagte områder markert.

Oversikt over forvaltingsplanområde (blå strek), område kor Mareano har kartlagt (tynn kvit strek) med årstal for perioden kartlegginga har blitt gjort, og status for kartlegging.

Kart: Mareano

Mareano – 20 år med botnkartlegging

I 20 år har Mareano kartlagt djup, botnforhold, biologisk mangfald, naturtypar og foureiningi sedimenta i norske havområde. No i 2025 feirar vi jubileum.

Kartlegginga utførast i eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet (HI), Noregs geologiske undersøking (NGU) og Kartverket.

Dei tre samarbeidspartnarane utgjer også utøvande gruppe i Mareano, og gjennomførar den daglege drifta.

Det overordna ansvaret ligg hos programgruppa som blir leidd av Miljødirektoratet.

Mareano-konferansen 2025 blir arrangert 23. oktober.