USV: Mareano ønsker å kartlegge med ubemanna overflatefartøy (USV) i 2025. Anbodsprosessen med USV som kartleggingsplattform vil hjelpe Mareano med å utvikle spesifikasjon og tildelingskriteria for klima- og miljøomsyn brukt i offentlege anskaffingar. Foto: Geir Pedersen / Havforskningsinstituttet
Foto: Geir Pedersen / Havforskningsinstituttet
Anbodskonkurranse: Kartlegging med USV
Mareano skal kartlegge med ubemanna overflatefartøy (USV) i Nordsjøen i år. Ein open anbodskonkurranse er publisert.
– I denne anskaffinga er det erfaring med USV vi ønsker. Mareano-programmet krevjar derfor at USV må vere plattforma som står for datainnsamling, informerer Helge Welde i Kartverket.
Kontrakten har ein verdi på 6 000 000 NOK, med moglegheit for ein opsjon på inntil 10 000 000 NOK i tillegg. Mareano ber om pris per kvadratkilometer, ikkje døgnpris.
Teknisk spesifikasjon
Dagens tekniske spesifikasjon for djupnekartlegging er revidert med tanke på bruk av USV, samt opning for bruk av fleire typar ekkolodd.
– Tilbakemeldingane vi har fått gjennom dialog med industrien har vore svært verdifulle under arbeidet med å revidere teknisk spesifikasjon for anbodet, seier Welde.
Måleområde i Nordsjøen
Måleområda i Nordsjøen er avgrensa til område grunnare enn 250 meter innafor blokkane NRE-2-trekant og NRE-7, som vist i kart. Dette er dei prioriterte områda som er viktigast for Mareano å få kartlagt. Sidan Mareano enno ikkje kjenner prisnivået tilstrekkeleg, har vi inkludert ytterlegare tre moglege område austover.
NORDSJØEN: Prioriterte måleområde i anbodet er område grunnare enn 250 meter innafor blokkane NRE-2-trekant og NRE-7. Sidan Mareano enno ikkje kjenner prisnivået tilstrekkeleg, er ytterlegare tre moglege område austover inkludert. Kjelde: Kartverket / Mareano
Nye miljøkrav til offentlege anskaffingar
Anbodsprosessen med USV som kartleggingsplattform vil hjelpe Mareano med å utvikle spesifikasjon og tildelingskriteria for klima- og miljøomsyn brukt i offentlege anskaffingar.
– Bruk av USV-er er éin metode å redusere klima- og miljøavtrykk når vi kartlegg havbotn. Årets anskaffing vil gi oss eit viktig læringsgrunnlag for framtidige anbodskonkurransar, fortel Welde.
Kartlegging av havbotn må gjerast med lågare klima- og miljøavtrykk. Eit av verktøya som blir brukt for å redusere påverknaden er offentlege anskaffingar. I januar 2024 blei det innført endring i forskrift om offentlege anskaffingar (anskaffelsesforskriften). Klima og miljø blir no vekta høgare i offentlege anskaffingar.
Vidare bruk av USV i Mareano-samanheng
Korleis Mareano innrettar anbodet for kartlegging av havbotn i 2026 er ikkje bestemt:
– Det må vi sjå på etter at erfaringane med årets USV-baserte innsamling er evaluert. Det er naturleg å anta at tradisjonelle målefartøy med mannskap vil vere relevante også framover, spesielt med tanke på at Mareano også har behov for å kartlegge utilgjengelege område, som djuphavet i Norskehavet, seier Helge Welde.
Mareano ønsker å kartlegge med ubemanna overflatefartøy (USV) i 2025. No frir programmet til industrien: Vi treng løysingsforslag til bruk av USV som kartleggingsplattform – allereie innan 16. desember.