USV: Mareano ønsker å kartlegge med ubemanna overflatefartøy (USV) i 2025. Anbodsprosessen med USV som kartleggingsplattform vil hjelpe Mareano med å utvikle spesifikasjon og tildelingskriteria for klima- og miljøomsyn brukt i offentlege anskaffingar.
Foto: Geir Pedersen / Havforskningsinstituttet
Mareano skal kartlegge med USV i Nordsjøen
Ein anbodskonkurranse for kartlegging med ubemanna overflatefartøy (USV) i Nordsjøen vil bli annonsert i januar 2025.
– Vi planlegg å publisere konkurransegrunnlaget på TED og Doffin rundt den 20. januar 2025, med ein anbodsfrist 17. februar, seier Helge Welde i Kartverket.
Anbodskonkurranse i januar
Det Mareano kan opplyse om anbodskonkurransen allereie no er at vi kjem til å krevje bruk av USV. Det vil vere opp til leverandørane å bestemme behovet for eit eventuelt støttefartøy.
– Vi vil understrekar at det i denne anskaffinga er erfaring med USV vi ønsker, så dette må vere plattforma som står for datainnsamlinga, informerer Welde.
Dagens tekniske spesifikasjonen for djupnekartlegging vil bli revidert med tanke på bruk av USV.
Sjølve måleområda vil bli avgrensa til område grunnare enn 250 meter innafor blokkane NRE-2-trekant og NRE-7, som vist i kart. Dette er dei prioriterte områda som er viktigast for Mareano å få kartlagt. Sidan vi enno ikkje kjenner prisnivået tilstrekkeleg, har vi inkludert ytterlegare tre moglege område austover.
NORDSJØEN: Priorierte måleområde i anbodet vil bli område grunnare enn 250 meter innafor blokkane NRE-2-trekant og NRE-7. Sidan vi enno ikkje kjenner prisnivået tilstrekkeleg, er ytterlegare tre moglege område austover inkludert. Kjelde: Kartverket / Mareano
Mareano kjem til å be om pris per kvadratkilometer, ikkje ein døgnpris. Budsjettet for anskaffinga ligg på rundt 6 000 000 NOK.
– Vi ønsker å dele så mykje informasjon med bransjen som vi kan, så tidleg som mogleg. Men merk at verken anbodskonkurransen eller budsjett er ferdig planlagt enno. Mareano må derfor ta atterhald om at opplysningane over kan bli endra, seier Welde.
Takkar for innspel om bruk av USV
Mareano vil takke alle leverandørane som sendte inn løysingsforslag til bruk av USV som kartleggingsplattform og innspel på noverande teknisk spesifikasjon.
– Vi fekk verdifulle tilbakemeldingar frå eit dusin firma. Spekteret av løysingar som har blitt foreslått er bredt og innovativt. Informasjon vi har fått frå tilbakemeldingane vil bli brukt vidare under førebuingane av konkurransegrunnlaget, avsluttar Welde.
Mareano ønsker å kartlegge med ubemanna overflatefartøy (USV) i 2025. No frir programmet til industrien: Vi treng løysingsforslag til bruk av USV som kartleggingsplattform – allereie innan 16. desember.