
Mareano-konferansen 2025
Dato | 23. oktober 2025 09:30 - 16:00 |
---|---|
Sted | Oslo: Miljødirektoratet på Helsfyr, Grensesvingen 7 |
Nettsted | Påmelding til konferansen |
I 20 år har Mareano samla kunnskap om norske havområde – djup, botnforhold, biologisk mangfald, naturtypar og forureining i sedimenta. På konferansen vil Mareano mellom anna presentere dei i siste resultata frå kartleggingsprogrammet og sjølvsagt markere jubileet.
Delta: Påmelding til Mareano-konferansen 2025
Program
Konferansier er Siri Sorteberg frå Miljødirektoratet.
kl. 9.00–9.30: Registrering og mingling
kl. 9.30–9.45: Velkommen
Mareano gjennom 20 år
kl. 9.45–10.00: Bakgrunn for etableringa av Mareano-programmet
Geir Klaveness frå Klima- og miljødepartementet
kl. 10.00–10.25: Mareano frå 2005 til i dag
Terje Thorsnes frå NGU
kl. 10.25–10.45: Korleis blir kunnskap frå Mareano brukt i norsk havforvalting?
Fagleg forum for norske havområde og Fiskeridirektoratet
kl. 10.45–11.00: Pause
Høgdepunkt frå Mareano
kl. 11.00–12.15
Utøvande gruppe ved Pål Buhl-Mortensen (Havforskingsinstituttet), Lilja Run Bjarnadottir (NGU) og Hanne Hodnesdal (Kartverket)
kl. 12.15–13.00 Lunsj (det blir servert lunsj til alle som deltek fysisk på konferansen)
Mareano i nasjonalt og internasjonalt perspektiv
kl. 13.00–13.40: Klarer Mareano å levere det norsk forvalting, næringa og forskinga faktisk har behov for?
brukarar av Mareano-data
kl. 13.40–14.00: Mareano i globalt perspektiv
Peter Haugan frå Havfoskingsinstituttet/Universitetet i Bergen
kl. 14.00–14.10: Pause
kl. 14.10–14.30: Ineraktiv sesjon
John Morten Klingsheim frå Kystverket
kl. 14.30–15.00: Mareano inn i framtida – oppsummering og avsluttande kommentarar
Det kan komme endringar i programmet.
Hybrid konferanse
Det er mogleg å følge konferansen digitalt, og dette krev ikkje påmelding. Opptak av konferansen blir ikkje tilgjengeleg i etterkant.
Publisert: 18.03.2025 Oppdatert: 23.06.2025