Gå til hovedinnhold
Kongsberg Discovery Sounder USV (ubemanna overflatefartøy) med navnet Frigg ute på havet. Snødekte fjell i bakgrunnen.

USV: Mareano inviterer industrien til å foreslå optimale løysingar for å kartlegge utvalde område i Nordsjøen med ubemanna overflatefartøy (USV). Anbodsprosessen med USV som kartleggingsplattform vil hjelpe Mareano med å utvikle spesifikasjon og tildelingskriteria for klima- og miljøomsyn brukt i offentlege anskaffingar.

Foto: Geir Pedersen / Havforskningsinstituttet

Kan Mareano bruke USV i Nordsjøen neste år?

Mareano ønsker å kartlegge med ubemanna overflatefartøy (USV) i 2025. No frir programmet til industrien: Vi treng løysingsforslag til bruk av USV som kartleggingsplattform – allereie innan 16. desember.

– Bruk av USV-er er éin metode å redusere klima- og miljøavtrykk når vi kartlegg havbotn. Derfor ønsker Mareano å få ei oversikt over kva som er mogleg i marknaden, og kva for klima- og miljøomsyn som kan vere relevante i ein mogleg anbodskonkurranse, seier Helge Welde frå Kartverket.

Ønsker innspel frå industrien

Mareano-programmet har ein intensjon om å publisere ein anbodskonkurranse for 2025, kor vi vil kartlegge i Nordsjøen med ubemanna overflatefartøy (USV). Før ein konkurranse blir publisert undersøker Mareano om USV kan oppfylle den tekniske kravspesifikasjonen for multistråleekkolodd og sub-bottom profiler-data (SBP) – mogleg med nokre tilpassingar av den eksisterande spesifikasjonen. 

– Vi inviterer industrien til å foreslå optimale løysingar for å kartlegge utvalde område. Vi ønsker også innspel på noverande teknisk spesifikasjon, for å tilpasse konkurransegrunnlaget som Mareano vil bruke i den USV-baserte anbodskonkurransen, seier Welde.

Send inn løysingsforslag

Alle selskap som ønsker å komme med løysingsforslag og tilbakemeldingar kan fylle ut skjema i Doffin eller TED innan 16. desember:

Meir detaljar om områda som Mareano ønsker å kartlegge med USV finn du på Doffin og TED. Alle bidrag vil bli behandla konfidensielt.

Nye miljøkrav til offentlege anskaffingar

Kartlegging av havbotn må gjerast med lågare klima- og miljøavtrykk. Eit av verktøya som blir brukt for å redusere påverknaden er offentlege anskaffingar. I januar 2024 blei det innført endring i forskrift om offentlege anskaffingar (anskaffelsesforskriften). Klima og miljø blir no vekta høgare i offentlege anskaffingar.

Anbodsprosessen med USV som kartleggingsplattform vil hjelpe Mareano med å utvikle spesifikasjon og tildelingskriteria for klima- og miljøomsyn brukt i offentlege anskaffingar. 
 

Kontakt

Bilde av Helge Welde

Helge Welde

Kartverket
dybdekartlegging, anskaffelser
sjefsingeniør
51 85 88 47
Bilde av Sissel Kanstad

Sissel Kanstad

Kartverket
Kommunikasjonsrådigver
51 85 88 28 / 995 13 848