Gå til hovedinnhold

Djupnekartlegg i Nordsjøen i 2024

I sommar skal Mareano djupnekartlegge mykje i Nordsjøen og i Norskerenna, inkludert i dei moglege havvindområda «Vestavind F» og «Sørvest F». 

Mareano har dei siste åra sett søkelys på Nordsjøen for å samle inn kunnskap om havet, knytt til den nye marine næringa havvind og særleg verdifulle og sårbare område (SVO).

To anbod tildelt

Ein open anbodskonkurranse med to delkontraktar blei lyst ut desember 2023 på Doffin og TED. Delkontrakt for djupe havområde i Norskerenna er tildelt Fugro Germany Marine GmbH. Delkontrakt for grunne område på Nordsjøplatået er tildelt Arctia Meritaito Oy.

Kontraktar for djupnekartlegging i 2024:

  • Delkontrakt 1 omfattar område frå 150–300 meter djup i Norskerenna og «Vestavind F», til saman 2823 km2. Kontrakten har ein verdi på 22 140 000 NOK. 
  • Delkontrakt 2 omfattar område frå 50–150 meter djup på Nordsjøplatået og «Sørvest F», til saman 1878 km2. Kontrakten har ein verdi på 28 000 000 NOK. 

I tillegg skal Kartverket djupnekartlegge 1290 km2 innafor territorialgrensa i Norskerenna i 2024.

«Sørvest F» og «Vestavind F» er ei fortsetting på kartlegginga som Sokkeldirektoratet har gjennomført i dei opna havvindområda «Sørlege Nordsjø II» og «Utsira Nord». Områda «Sørvest F» og «Vestavind F» gjennomgår no ei strategisk konsekvensutgreiing med sikte på å opne og utlyse prosjektområde innafor desse områda i 2025.

Kartustnitt som markerar område i Nordjøen og Norskerenna som er planlagt å djupnekartlegge i 2024, samt område som blei djupnekartlagt i 2023.
NORDSJØEN OG NORSKERENNA: Dei gule, skraverte boksane markerer område som er planlagt å djupnekartlegge i 2024. Dei grøne boksane markerer område som ble djupnekartlagt i 2023. Klikk på kartet for å sjå det i større oppløysing (opnast i nytt vindauge). Kjelde: Kartverket / Mareano
Kart som visersærleg verdifulle og sårbare område og identifiserte område for havvind i Nordsjøen og Norskerenna.
SVO OG HAVVIND: Dei skravert områda er særleg verdifulle og sårbare område (SVO). Dei prikkete områda er identifiserte område for havvind. Klikk på kartet for å sjå det i større oppløysing (opnast i nytt vindauge). Kjelde: Kartverket / Mareano

Publiserte djupnedata

Djupnedata frå grunnundersøkingar gjennomført av Sokkeldirektoratet vil bli publisert når Kartverket får tilgang til desse. Mareano vil bygge vidare på datasetta frå Sokkeldirektoratet for å kartlegge naturmangfaldet på havbotn. Dette blir gjennomført med tokt i regi av Havforskingsinstituttet og Norges geologiske undersøking.
 

Kontakt

Bilde av Nicolien Haasbroek

Nicolien Haasbroek

Kartverket
Dybdekartlegging, anskaffelser
Prosjektingeniør
51 85 87 13 / 418 56 917
Bilde av Sissel Kanstad

Sissel Kanstad

Kartverket
Kommunikasjonsrådigver
51 85 88 28 / 995 13 848

Les meir

Terrenmodell som viser havbunnslandskap i Nordsjøen. Kilde: Kartverket / Mareano

Dybdedata frå Sørleg Nordsjø 2

Terrengmodellar frå havvindområdet Sørleg Nordsjø 2, både karttenester og datasett, er publisert i Kartverkets tenester.

 Kartutsnitt med delar av Noreg drapert av ein grå terrengmodell. Boksar i forskjellige fargar markerer område i Norskehavet kor Mareano-programmet planlegg eller har djupnekartlagt.

Djupnekartlegging ute på anbod

I 2024 vil Mareano-programmet djupnekartleggje område i Nordsjøen. Ein open anbodskonkurranse er publisert.

Nordsjøen Vindturbiner AdobeStock mareano

Forslag om Mareano-kartlegging for havvind

På oppdrag fra Olje- og energidepartementet (OED) la Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) våren 2023 fram en oversikt over norske havområder de mener kan være egnet for energiproduksjon, spesifikt havvindanlegg.