Gå til hovedinnhold

Djupnedata frå Sørleg Nordsjø 2 er publisert

Terrengmodellar frå havvindområdet Sørleg Nordsjø 2, både karttenester og datasett, er publisert i Kartverkets tenester.

Sokkeldirektoratet (tidlegare Oljedirektoratet) har i 2022 og 2023 samla inn fleire datasett i det opna havvindområdet Sørleg Nordsjø 2. Dette er djupnedata som Mareano vil bygge vidare på i naturkartlegging av havbotn.

Karttenester og datasett

Mareano har fått tilgang på terrengmodellar av havbotn (batymetri) frå fase éin i Sørleg Nordsjø 2 frå Sokkeldirektoratet. Terrengmodellane er no inkludert i Kartverkets datasett og tenester for terrengmodellar for norske kyst- og havområde. 

Kartutsnitt som viser publiserte dybdedata i Sørlig Nordsjø 2. Kilde: Kartverket/Mareano
NORDSJØEN: Dei grøne boksane markerar områda kor feltarbeid er gjennomført i 2023. Data som er publisert er markert med oransj ramme og er frå fase éin av kartlegging i området Sørleg Nordsjø 2. Kjelde: Kartverket / Mareano Kjelde: Kartverket / Mareano

Karttenester:

Datasetta er også tilgjengeleg for nedlasting på Geonorge.no med 5, 25 og 50 meters oppløysing. Det er desse datasetta som er grunnlaget for karttenestane nemnt over. 

Datasett:

Velg cellane NHS-D0309, NHS-D0310, NHS-D0409 for å laste ned datasetta på Geonorge.no.

Terrengmodellen finst også i 2 meters oppløysing. Tilgang til desse må bestillast hos Kartverket via sjodata@kartverket.no.  

Data frå Sørleg Nordsjø 2 er utanfor territorialgrensa og er ugraderte. 

Dekningskart

Karttenester som viser dekning av norske kyst- og havområde som har blitt djupnekartlagt.

Meir data kjem

Meir data, djupnekartlagt av Sokkeldirektoratet, frå havvindområda Sørleg Nordsjø 2 og Utsira Nord, vil bli publisert når Kartverket får tilgang til desse. 

Mareano vil bygge vidare på datasetta frå Sokkeldirektoratet for å kartlegge naturmangfaldet på havbotn. Dette blir gjennomført med tokt i regi av Havforskingsinstituttet og Norges geologiske undersøking i 2024.

Les meir på sodir.no: Havvinddata tilgjengelige i Diskos

Kontakt

Bilde av Hanne Hodnesdal

Hanne Hodnesdal

Kartverket
Dybdekartlegging, med i utøvende gruppe
51 85 88 23 / 473 17 222
Bilde av Sissel Kanstad

Sissel Kanstad

Kartverket
Kommunikasjonsrådigver
51 85 88 28 / 995 13 848

Nyheter

Nyheter

Fotokolasj tre bilder. En person, et bilde der deler av en stamp viser, innholdet i stampen er ulike sjøstjerner i rødnyanser. Det siste bilde er fra havbunnen der det vokser et slags belegg på berg, en stor snegle med lyserosa sneglehus og noen buskaktige små vekster.

Fant 70 “ekstra” arter med miljø-DNA

18.03.2025

Alle dyr skiller ut små mengder DNA til omgivelsene sine. Det kan forskerne bruke til å se hvilke dyr som lever i et område.

Kolasj av bilder som viser søppel på havbunnen: hansker, poser, fiskeutstyr.

Foreslår overvåking av søppel på havbunnen

18.02.2025

Det ligger mye søppel på havbunnen. Nå foreslår forskerne et overvåkingsprogram for å følge med på utviklingen.

En mann skyller en metallskål med væske fra en spruteflaske. Innholdet i skålen renner ned i en større beholder.

Fant mikroplast i alle prøvene fra Nordsjøen og Skagerrak

11.02.2025

Og det var flest av de minste plastbitene.