Gå til hovedinnhold

Djupnekartlegging ute på anbod

I 2024 vil Mareano-programmet djupnekartleggje område i Nordsjøen. Ein open anbodskonkurranse er publisert. Det er sett klima- og miljøkrav til konkurransen.

Mareano sett kursen mot Nordsjøen også i 2024. Nye marine næringar – som havvind og havbruk til havs – og føreslåtte særleg verdifulle og sårbare område (SVO) i Nordsjøen, gir behov for kunnskap om korleis havet og havbotn faktisk er.

I tillegg til Mareano si årlege løyve frå Klima- og miljødepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet, er det gitt tilskot frå Energidepartementet til naturkartlegging av havvindområde.Tilskotet skal auke kunnskapsnivået om naturmangfald og miljø i dei områda som er aktuelle for utlysing i 2025. Områda som er aktuelle for utlysing er Sørvest F, Vestavind F og Vestavind B, identifisert av NVE med en direktoratsgruppe i 2023.

Anbodskonkurransen er lyst ut på Doffin og TED: 

Anbodet er delt inn i to kontraktar, med moglegheit for opsjonar: 

  • Éin kontrakt for djupare område i Norskerenna med ein verdi på 20,55 millionar kroner 
  • Éin kontrakt for grunnare område på Nordsjøplatået med ein verdi på 28 millionar kroner. 

Anbodsfristen er sett til 31. januar 2024. Resultatet av anbodsprosessen vil avgjere kor stort område i Nordsjøen som faktisk blir kartlagt i 2024.

 Kartutsnitt med delar av Noreg drapert av ein grå terrengmodell. Boksar i forskjellige fargar markerer område i Norskehavet kor Mareano-programmet planlegg eller har djupnekartlagt.
OMRÅDE I ANBOD: Dei gule boksane merkar område i Nordsjøen som Mareano-programmethar lagt ut på anbod for djupnekartlegging i 2024. Kjelde: Kartverket/Mareano

Miljø- og klimakrav

Kartverket har inkludert klima- og miljøkrav i anbodskonkurransen. 

– Marknaden for null- og lågutsleppsfartøy er umodent i kartleggingsbransjen. Dette gjer at vi legg lista lågt for skal-krav, slik at flest mogleg leverandørar kan delta i anbodskonkurransen. Samtidig vil klima- og miljøvennlege løysingar få positiv utteljing i evaluering av tilbod, forklarar Nicolien Haasbroek, prosjektingeniør for Mareano i Kartverket.

Kartverket har stilt følgande miljø- og klimakrav (sjå detaljar i publisert anbodskonkurransen):

  1. Kvalifikasjonskrav: System for miljøleiing eller miljøstyring i samsvar med ISO 14001 - miljøleiing eller tilsvarande. Dokumenterast ved sertifisering eller anna dokumentasjon.
  2. Kravspesifikasjon:
    A) Skal-krav: Leverandøren beskriver energiforbruk på aktivitet utanom feltarbeid (minimum beskrive transport i forbindelse med mannskapsskifte og transport av fartøy og utstyr til mobilisering og frå demobilisering.
    B) Skal-krav: Estimere energiforbruk i knytt til feltarbeidet per kvadratkilometer sjømålt areal, samt angje type drivstoff.
    C) Skal-krav: Rapport kvar veke i forbindelse med feltarbeid skal inkludere forbruk av drivstoff.
  3. Evalueringskriterium (vekta 30 prosent): Dokumentasjon av punkt 2 a og 2 b blir brukt i evalueringa. Lite bruk av energi per kvadratkilometer og bruk av grøn energi gjev høgast poengskår.

Krava kan utvikle seg i åra framover, etter kvart som bransjen utviklar seg og Kartverket får erfaring med bruk av miljø- og klimakrav.

Kontakt

Bilde av Nicolien Haasbroek

Nicolien Haasbroek

Kartverket
Dybdekartlegging, anskaffelser
Prosjektingeniør
51 85 87 13 / 418 56 917
Bilde av Sissel Kanstad

Sissel Kanstad

Kartverket
Kommunikasjonsrådigver
51 85 88 28 / 995 13 848

Aktuelt

Nordsjøen Vindturbiner AdobeStock mareano

Forslag om Mareano-kartlegging for havvind

På oppdrag fra Olje- og energidepartementet (OED) la Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) våren 2023 fram en oversikt over norske havområder de mener kan være egnet for energiproduksjon, spesifikt havvindanlegg.

Prøvetaking på havbunnen

Undersøker sammenheng mellom tråling og karbon

Toktdagbok: Mareanos høsttokt var lagt til Skagerrak. Ett av målene var å undersøke om tråling påvirker havbunnen slik at karbon frigjøres fra sedimentene, med negative effekter på miljøet.

Fotomontasje av fartøy som djupnekartlegg havbotnen. Strålane frå multistråle-ekkloddet dannar ein vifteform frå båten ned til botnen. Ein terrengmodell er redigert inn på havbotnen.

Dybdekartlegging

I regi av Mareano har Kartverkets sjødivisjon ansvar for å skaffe dybdedata i de områdene som skal kartlegges av Mareano-programmet.