Sandbølgar på havbotn i Nordsjøen på ca. 80 meters djup.
Foto: Kartverket/Mareano
Terrengmodell med vrak som ligg på ca. 50 meters djup i Nordsjøen.
Foto: Kartverket/Mareano
Punktsky av vrak som ligg på ca. 50 meters djup i Nordsjøen.
Foto: Kartverket/Mareano
1/3
Djupnedata frå tobisfelt på Nordsjøplatået er publisert
Området som er dekka strekk seg frå Norskerenna, kryssar eit tobisfelt på Nordsjøplatået, og endar opp ved havvindområdet Sørlege Nordsjø 2. Terrengmodellar, karttenester og datasett frå Kartverket er tilgjengeleg på geonorge.no.
Publisert: 27.06.2024Oppdatert: 28.06.2024Forfatter: Hanne Hodnesdal og Geir Gunleiksrud, Kartverket
Område som er publisert (NSJ1 og NSJ2) er markert med lilla ramme og går frå Norskerenna i nordaust til havvindområdet Sørlege Nordsjø 2 i sørvest. Datasettet dekker delvis eit tobisfelt identifisert som eit særleg verdifullt og sårbart område (SVO). Kjelde: Kartverket / Mareano
Dei publiserte djupnedataa er samla inn i grunne område frå 50 til 150 meters djup. Nokre smakebitar er vist i bildekarusellen over.
Mareano kartlegg naturen på havbotnen, og sidan 2022 har Nordsjøen blitt prioritert høgt. Både på grunn behov for ny kunnskap i særleg verdifulle og sårbare område (SVO) i havområda, og utvikling av ny næring, spesielt havvind.
Feltarbeidet er gjennomført i 2022 og 2023. Clinton Marine Survey AB har djupnekartlagt området på oppdrag for Mareano-programmet. Multistråleekkoloddet for grunnare farvatn, EM2040, er brukt til å samle inn djupnedata.
Karttenester på Geonorge
Terrengmodellane er inkludert i Kartverket sine datasett og tenester for terrengmodellar for norske kyst- og havområde:
For å laste ned datasetta på geonorge.no vel cellene
NHS-D0310
NHS-D0311
NHS-D0312
NHS-D0410
NHS-D0411
NHS-D0412
NHS-D0413
NHS-D0511
NHS-D0512
Terrengmodellen er også tilgjengeleg i 1 meters oppløysing, nokre område også i 0,5 meters oppløysing. Tilgang til så detaljerte djupnedata må bestillast hos Kartverket: Bestill detaljerte djupndata | Kartverket.no.
Data er tilgjengeleg i formata TIFF, ASCII, OLEX og FURUNO (NED/ENH).
Området er utanfor territorialgrensa og er derfor ugradert, men infrastruktur på havbotnen er skjerma i publiserte data.
Dekningskart på Geonorge
Karttenester som viser dekning av norske kyst- og havområde som har blitt djupnekartlagt:
Fisken tobis grev seg ned i sanda om natta og om vinteren. Leveområdet til tobis er derfor nær knytt til sandbotn. Tobis er ein næringsrik fisk som er veldig viktig for sjøfuglane. Foto: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet
Clinton Marine Survey AB starta å djupnekartlegge område i Nordsjøen for Mareano-programmet i mai. Fram til starten av august skal dei djupnekartlegge 2730 km2.
Meir om gjennomført geologi-, biologi- og kjemikartlegging i same geografiske område
Toktdagbok: Alle vet at det er mye olje og gass under havbunnen i Nordsjøen, og at det er mye fisk over havbunnen, men hvordan ser selve havbunnen ut? «Sand og mudder» vil kanskje mange si. Det er helt riktig, men på siste tokt i Nordsjøen fant vi også helt andre – og spennende – naturtyper!
Toktdagbok: Da vi ankom den sørlige delen av Nordsjøen ble vi møtt av et svært flatt, om enn noe bølgende landskap, som raskt kan sende tankene til sanddynene eller strendene i Danmark. Vi er på tokt og studerer havbunnen fra en videorigg senket ned fra FF «G.O. Sars».