Gå til hovedinnhold

Djupnekartlegging i Nordsjøen

Clinton Marine Survey AB starta å djupnekartlegge område i Nordsjøen for Mareano-programmet i mai. Fram til starten av august skal dei djupnekartlegge 2730 km2.

Områda som skal djupnekartleggast i Nordsjøen er rett ved sidan av areal som vurderast som aktuell for havvindprosjekt. Utvalt areal er eit gyteområde for fisken tobis og er eit såkalla særleg verdifulle område i norske havområde (SVO).

– Vi hadde eit ønske om å få djupnekartlagt ein heil korridor inn til kysten, men fordi Norskerenna er såpass mykje djupare enn området i Nordsjøen, krev kartlegginga ein annan type ekkolodd. Derfor bestemte Mareano-programmet å stoppe rett før Norskerenna, fortel Hanne Hodnesdal, ansvarleg for Mareano i Kartverket.

Clinton Marine Survey AB blei i mars tildelt kartleggingsoppdraget i Nordsjøen, etter ein open anbodskonkurranse som vart publisert i januar 2022.

Oljedirektoratet skal djupnekartleggje i Nordsjøen

Olje- og energidepartementet har gjeve Oljedirektoratet oppdraget med å gjere undersøkingar i samanheng med tildeling av areal for havvind. Oljedirektoratet har fått i oppgave å planlegge og gjennomføre en anbodsprosess av forundersøkingar i områda Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord, som opna for søknadar om fornybar energiproduksjon for halvanna år sidan, skriv direktoratet på sin nettstad. Oljedirektoratet har lyst ut ein anbodskonkurranse på TED.

Som følgje av dette har Mareano omprioritert på områda i Nordsjøen som skal djupnekartleggjast i 2022.

Kartutsnitt som visar kva område i Nordsjøen som omfattast av anbodet for djupnekartlegging i 2022.
NORDSJØEN: Dei gule boksane merkar område i Nordsjøen som Mareano-programmet skal djupnekartlegge i 2022. Kjelde: Kartverket/Mareano

Kontakt

Bilde av Hanne Hodnesdal

Hanne Hodnesdal

Kartverket
Dybdekartlegging, med i utøvende gruppe
51 85 88 23 / 473 17 222
Bilde av Sissel Kanstad

Sissel Kanstad

Kartverket
Kommunikasjonsrådigver
51 85 88 28 / 995 13 848

Djupnekartlegging

I regi av Mareano har Kartverkets sjødivisjon ansvar for å skaffe djupnedata i dei områda som skal kartleggast av Mareano-programmet.