
Nye resultat frå Mareano-kartlegginga i perioden 2020-2021 var noko av det som blei presentert på konferansen.
Foto: Mareano/HavforskingsinstiuttetNye resultat frå Mareano-kartlegginga i perioden 2020-2021 var noko av det som blei presentert på konferansen.
Foto: Mareano/HavforskingsinstiuttetPublisert: 15.11.2021
Den første digitale utgåva av Mareano-konferansen gav deltakarrekord. På det meste følgde over 150 personar konferansen.
Sidan 2005 har Mareano-programmet djupnekartlagt 288 750 km2. Det er berre 35 km2 mindre enn Noregs fastlandsareal. Vi veit no at Noreg har ei høgdeskilnad på ca. 8000 meter frå Molloydypet til Galdhøpiggen. Programmet har også kartlagt biologi, geologi og kjemi i til saman 254 140 km2 hav.
– Kartlegginga i Mareano gir Noreg ny kunnskap som vi brukar for å komme oss nærare dei globale måla vi har sett oss, mellom anna blå økonomi, økosystembasert forvalting og berekraftig bruk, sa leiar av styringsgruppa i Mareano, ekspedisjonssjef Elisabeth Gabrielsen i Nærings- og fiskeridepartementet, då ho opna konferansen.
Årets konferanse var delt opp i tre sesjonar, kor tredje sesjon vart avslutta med ein paneldebatt. Du kan sjå opptak på Youtube:
«Kartlegging av havbotnøkologi i havtiåret og i relasjon til havpanelets ambisjonar» med forskingssjef Peter Haugan frå Havforskingsinstituttet/Utanriksdepartementet.
«Kva skjer på hav? En oppdatering om aktuelle nasjonale prosesser» presentert av Geir Klaveness frå Klima- og miljødepartementet.
«Marine grunnkart i kystsona: Frå pilotprosjekt til nasjonalt program» med kartverkssjef Johnny Welle frå Kartverket.
«Nyheter frå Mareano – dei siste resultata frå kartlegginga», tverrfagleg frå dei utøvande einingane, presentert av: Pål Mortensen, forskar ved Havforskingsinstituttet; Lilja R. Bjarnadottir, forskar ved Noregs geologiske undersøking; Nicolien Haasbroek, senioringeniør i Kartverket.
«Arbeidet med FAIR-prinsippane i Mareano» med leiar for FAIR-gruppa i Mareano, Geir Arne Håland Nordhus frå Kartverket.
«Mareano-data i forsking» med forskingsdirektør Geir Lasse Taranger frå Havforskingsinstituttet.
«Nordsjøen – kunnskap og kunnskapshol» med forskar Terje Thorsnes frå Noregs geologiske undersøking.
«Informasjonsdeling for god sameksistens i norske havområde» med Jan Helgesen, Vice President Subsurface i Equinor.
«Naturlege hydrokarbon-lekkasjar i Barentshavet og samanhengen med underliggande petroleumssysteme» med geolog Rune Mattingsdal frå Oljedirektoratet.
Nye marine næringar var tema i paneldebatten som blei leidd av Terje Thorsnes (Noreg geologiske undersøking). Til debatt stilte ressursforskar Gjert Dingsør i Fiskebåt, leitedirektør Torgeir Stordal i Oljedirektoratet, seniorrådgjevar Fredrik Myhre i WWF og spesialrådgjevar Dilek Ayhan ved Handelshøyskolen BI.
Kopi av presentasjonane vil ikkje bli delt på mareano.no. Viss du ønsker kopi av ein eller fleire av presentasjonane, kan du sende ein førespurnad til mareano@imr.no. Atterhald: Vi kan berre dele presentasjonar kor foredragshaldar tillét dette.