På botn av Spitsbergenbanken
Publisert: 16.12.2020
Det er Fugro Germany Marine som, etter ein anbodskonkurranse, fekk i oppdrag å djupnekartlegge for Mareano-programmet. Deira fartøy Fugro Discovery starta arbeidet i dei nordlegaste områda 11. juli (TF01n; sjå kartillustrasjon).
Covid-19 gjorde at arbeidet starta seinare enn planlagt. Derfor vedtok Fugro Germany Marine å tilby eit fartøy til som kunne sjømåle samtidig. Dette blei godkjent av Mareanos programgruppe, og den 11. august var også fartøyet Fugro Meridian på plass på Spitsbergenbanken for å djupnekartlegge.
Vêr og vind
Djupnekartlegging er alltid avhengig av vêret. I år har det vore brukbart målevær på Spitsbergenbanken, og framgangen har vore god. Fugro Discovery avslutta sitt tokt 29. september, medan Fugro Meridian djupnekartla litt ekstra til slutten av oktober.
Kartlagde område
Kontrakten med Fugro Germany Marine var på 2699,2 km2 pluss eit ekstra måleområde på 290 km2 som Fugro Meridian kartla i oktober.
I tillegg til Fugro Germany Marine har Forsvarets forskningsinstitutts (FFI) fartøy H.U. Sverdrup II djupnekartlagt 654 km2 for Mareano på Spitsbergenbanken i oktober og november (TF02; sjå kartillustrasjon).
Særleg verdifulle område
Sjømålingsområda i år ble valt for å vidareføre arbeidet med å kartlegge særleg verdifulle og sårbare område ved polar tidvassfront rundt Spitsbergenbanken. Rundt Spitsbergenbanken er det tre frontar med ulikt opphav og ulik struktur som påverkar biologisk produksjon og aktivitet i områda. Spesielt tidvassfronten gjer området til ein «hotspot» for biologisk produksjon. Det er høy primærproduksjon om våren og eit viktig beiteområde for sjøfugl og fisk (Faglig forum for norske havområder, 2019).
Mareano skal følge opp djupnekartlegginga med geologisk, biologisk og kjemisk kartlegging i dei same områda på Spitsbergenbanken i 2021, i tillegg til biologi-, geologi og kjemi-tokt på Garsholbanken på midt-norsk sokkel.
Sjå og last ned data
Alle dataa som er samla inn vil bli tilgjengelig for alle via dybdedata.no etter kvart som dei blir godkjent. Nokre data frå årets tokt er allereie publisert. På dybdedata.no finnast både innsynsløysing og funksjon for å laste ned terrengmodellar. På dybdedata.no er det 50 meter, 25 meter og 5 meter oppløysing som er tilgjengeleg, og 5 meter er berre tilgjengeleg for dei områda der grunnlagsdataa har så høg oppløysing. Høgaste oppløysing på data i frå Spitsbergenbanken i Barentshavet varierer frå 1 meter til 2 meter, avhengig av djup. Ved behov for detaljerte djupnedata så kan sjodata@kartverket.no kontaktast.