
Bli med på Mareano-konferansen 19. oktober
Publisert: 03.10.2023 Oppdatert: 18.10.2023

Bjelland Eriksen. Foto: NTB
Kommunikasjon/
Statsministerens kontor
Sjå detaljert program til Mareano-konferansen.
«Forståing av havet – ankeret for havforvaltinga», opningsforedraget er med klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Nye marine næringar
Korleis skal vi forvalte havområda? Ulike interesser og avgjerder som vil påverke samfunnet i generasjonar krev nødvendig kunnskap.
I denne sesjonen kjem Kristina Fröberg frå WWF Verdens naturfond for å snakke om samsyn og sameksistens mellom havvind og natur.
Ole Anders Nøst frå Nord Universitet/Oceanbox følgjer opp med meir om havvind. Er kraftproduksjonen avgrensa av input av energi frå atmosfæren?
Petroleumsindustrien opnar sine databasar. Jan Helgsen frå Equinor/Offshore Noreg skal snakke om korfor datadeling med Mareano-programmet er viktig for havforvaltning og næringsutvikling i framtida.
Kva gjer Mareano framover? Terje Thorsnes frå Noregs geologiske undersøking avsluttar sesjonen med å presentere Mareano sin kartleggingsstrategi for Nordsjøen.
Resultat frå Mareano

Foto: Artsdatabanken
Nye resultat frå kartlegging i Nordsjøen og Barentshavet blir presentert av utøvande gruppe i Mareano-programmet i andre sesjon av konferansen.
Natur i Noreg (NiN) kjem i ny drakt og med nytt innhald, no også i dei djupe havområda. Etter ein intro frå Havforskingsinstituttet vil Anne-Britt Storeng dele kunnskap kva bruk og verdi NiN har for Artsdatabanken.
Internasjonal havkartlegging
Mareano-samabeidet og metodikk har vekt internasjoanl merksemd og inspirerar, men også er i Noreg let vi oss inspirere av andre.
Professor Kerry Howell frå University of Plymouth Marine Laboratory kjem for å fortelje om forsking på korleis kunstig intelligens kan støtte neste generasjon modellering av eigenskapar til habitat i britiske og irske farvann.

Foto: University of Plymouth
På Færøyene førebur de seg til eit kartleggingsprogram for havboten i eiget farvant. Lis Mortensen frå Jarðfeingi, Faroese Geological Survey, vil fortelje om dette arbeidet.
Denne tredje konferansesesjonen avsluttast med eit blikk på kva som skjer på hav – ei oppdatering om havarbeid internasjonalt – ved Ove Hokstad frå Nærings- og fiskeridepartementet og Geir Klaveness frå Klima- og miljødepartementet.
Påmelding til konferansen
Påmeldingsfrist var 12. oktober. Dei som ikkje har moglegheit til å delta fysisk kan følgje konferansen digitalt. Dette krev ikkje påmelding.
Lenke til direktesending av konferansen vil bli delt på mareano.no. Opptak blir ikkje tilgjengeleg i etterkant.
Konferansen er gratis og det blir servert lunsj til alle som deltek fysisk.
Konferansen arrangerast hos Miljødirektoratet på Helsfyr i Oslo 19. oktober 2023 frå kl. 9.30 til 15.30.