Gå til hovedinnhold

Mareano-konferansen 2023

Dato 19. oktober 2023 09:30 - 15:30
Sted Oslo: Miljødirektoratet på Helsfyr, Grensesvingen 7

Vi presenterer dei siste resultata frå Mareano og du får høyre om nye marine næringar og internasjonal havkartlegging. Velkommen til Mareano-konferanse 19. oktober i Oslo! Konferansen er gratis.

Påmeldinga til konferansen er lukka. Det er mogleg å følgje konferansen digitalt, og dette krev ikkje påmelding. Opptak blir ikkje tilgjengeleg i etterkant. 

Program

Konferansier er Gunnstein Bakke frå Fiskeridirektoratet.

Kl. 9.30 – 10.00: Registrering og mingling

Opning

Kl. 10.00 – 10.05 «Velkommen»
Ove Hokstad, Mareanos styringsgruppe

Kl. 10.05 – 10.20 «Forståing av havet – ankeret for havforvaltinga»
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

Nye marine næringar 

Kl. 10.20 – 10.40 «Samsyn og sameksistens: Løysingar for havvind og natur»
Kristina Fröberg frå WWF Verdens naturfond

Kl. 10.40 – 11.00 «Havvind: Er kraftproduksjonen avgrensa av input av energi frå atmosfæren?»
Ole Anders Nøst frå Oceanbox 

Kl. 11.00 – 11.05 Spørsmålsrunde

Kl. 11.05 – 11.20 Pause 

Kl. 11.20 – 11.40 «Datadeling med Mareano for framtidas havforvalting og næringsutvikling – petroleumsindustrien opnar opp sine databasar»
Jan Helgesen frå Equinor/Offshore Norge 

Kl. 11.40 – 12.00 «Kva gjer Mareano framover? Kartleggingsstrategi for Nordsjøen»
Terje Thorsnes frå Noregs geologiske undersøking 

Kl. 12.00 – 13.00 Lunsj

Resultat frå Mareano 

Kl. 13.00 – 13.40 «Nye resultat frå kartlegging i Nordsjøen og Barentshavet» 
Pål Buhl-Mortensen frå Havforskingsinstituttet, Lilja Run Bjarnadottir frå Norges geologiske undersøking og Hanne Hodnesdal frå Kartverket 

Kl. 13.40 – 14.05 «Natur i Noreg (NiN) – ny drakt og nytt innhald, no også i dei djupe havområda» 
Intro frå Havforskingsinstituttet. Om bruk og verdi ved Anne-Britt Storeng frå Artsdatabanken

Kl. 14.05 – 14.20 Pause 

Internasjonal havkartlegging 

Kl. 14.20 – 14.35 «Using artificial intelligence to support next generation habitat suitability modelling in UK and Irish waters»
Kerry Howell, professor ved University of Plymouth Marine Laboratory 

Kl. 14.35 – 14.55 «Kartlegging av havbotn på Færøyene – førebuingar av kartleggingsprogram»
Lis Mortensen frå Jarðfeingi, Faroese Geological Survey

Kl. 14.55 – 15.10 «Kva skjer på hav? Ei oppdatering om havarbeid internasjonalt» 
Ove Hokstad frå Nærings- og fiskeridepartementet, Geir Klaveness frå Klima- og miljødepartementet, Kristina Hestnes og Kaja Irene Mathisen frå Olje- og energidepartementet

Kl. 15.10 – 15.30 Oppsummering og avslutting med rom for spørsmål
Konferansier Gunnstein Bakke

 

Det blir servert lunsj til alle som deltek fysisk på konferansen.

Det kan komme endringar i programmet.

Kontakt

Bilde av Maud Lauvstad Hansen

Maud Lauvstad Hansen

Miljødirektoratet
Programkoordinator
905 28 126
Bilde av Sissel Kanstad

Sissel Kanstad

Kartverket
Kommunikasjonsrådigver
51 85 88 28 / 995 13 848