
Utsikt til flytande sjøis på Spistbergenbanken frå fartøyet H. U. Sverdrup II. Foto: FFI
Foto: FFIUtsikt til flytande sjøis på Spistbergenbanken frå fartøyet H. U. Sverdrup II. Foto: FFI
Foto: FFIPublisert: 22.06.2022 Oppdatert: 26.10.2022
I tre veker i mai var FFI sitt fartøy MS «H. U. Sverdrup II» på tokt på Spitsbergenbanken. På oppdrag frå Mareano-programmet har dei kartlagt batymetri på havbotn med multistråle-ekkolodd (1215 km2). I tillegg er det samla inn liner med sediment-ekkolodd (165 km), som er eit viktig datasett for NGU for å lage geologiske kart.
Etter planen skulle også Hopendjupet (lenger nordaust) djupnekartleggast, men området var ikkje tilgjengeleg gunna mykje sjøis.
Første del av toktet var prega av dårleg vêr, medan det i siste del var gode vêrforhold. Det var også utfordringar med store variasjonar i sjøtemperatur nedover i djupnelaga, noko som påverka lydhastigheita i sjøen. Korrekt lydhastigheitsprofil er viktig for kvaliteten på målte djupnedata.
Området på Spitsbergenbanken er valt for å vidareføre arbeidet med å kartlegge særleg verdifulle og sårbare område ved polar tidevassfront. Rundt Spitsbergenbanken er det tre frontar med ulikt opphav og ulik struktur som påverkar biologisk produksjon og aktivitet i områda. Spesielt tidevassfronten gjer området til ein «hotspot» for biologisk produksjon. Transekta som kartleggast, spring ut frå område som allereie er kartlagt.