Gå til hovedinnhold
MPV Pohjanmeri i arktisk farvann. Foto: Arctia Meritaito Ltd.

MPV Pohjanmeri skal djupnekartlegge for Mareano i Barentshavet.

Foto: Arctia Meritaito Ltd.

Djupnekartlegging i 2021

Arctia Meritaito Oy skal djupnekartlegge tre mindre område i Barentshavet for Mareano-programmet i år. Deira fartøy MPV «Pohjanmeri» startar sitt kartleggingstokt 15. juni.

Finske Arctia Meritaito Oy vann anbodskonkurransen som blei lyst ut på Doffin og Ted. Kontrakten har ei verdi på 13 millionar kroner.

Mareano har planlagt å djupnekartlegge tre område i Barentshavet, på Spitsbergenbanken og i Hopendjupet, som til saman dekkjer eit areal på 1072 km2. MPV «Pohjanmeri» startar kartleggingstoktet 15. juni, og feltarbeidet vil vare i to månadar.

Spitsbergenbanken

Området på Spitsbergenbanken som skal sjømålast, er valt for å vidareføre arbeidet med å kartlegge særleg verdifulle og sårbare område ved polar tidevassfront. Rundt Spitsbergenbanken er det tre frontar med ulikt opphav og ulik struktur som påverkar biologisk produksjon og aktivitet i områda. Spesielt tidevassfronten gjer området til ein «hotspot» for biologisk produksjon. Transekta som skal kartleggast, spring ut frå område som allereie er kartlagt (sjå kartillustrasjon lengre ned).

Hopendjupet

Naturlege gasslekkasjar frå havbotn i Hopendjupet skal kartleggast. Derfor er det planlagt å sjømåle i dette området. Oljedirektoratet har med bistand frå NGU, over lengre tid kartlagt naturlege gasslekkasjar i Barentshavet ved hjelp av data frå Mareano. Barentshavet skil seg ut som eit havområde med ekstremt mykje gasslekkasjar. I den forbindelse er Hopendjupet identifisert som eit område som det er stor interesse for å få kartlagt.

Kartutsnitt fra Barentshavet hvor områder som Mareano-programmet har planlagt å dybdekartlegge i 2021, er markert. Kilde: Mareano/Kartverket
MPV "Pohjanmeri" skal djupnekartlegge for Mareano-programmet i 2021. Foto: Arctia Meritaito Ltd.

 

Kontakt

Hanne Hodnesdal KV foto Holmberg

Hanne Hodnesdal

Kartverket
Dybdekartlegging, med i utøvende gruppe
51 85 88 23 / 473 17 222
Sissel KV Foto Per Anders Bjoerklund

Sissel Kanstad

Kartverket
Kommunikasjonsrådigver
51 85 88 28 / 995 13 848