Gå til hovedinnhold
Bilde av uer som svømmer blant restene av en ankervinsj.

Her fra ankervinsjen i baugen av skuta.

Foto: Mareano / Havforskningsinstituttet

Dampskipet på havets botn

På ein elles flat havbotn stakk nokre merkelege strukturar opp frå sanden – det viste seg å vere eit lenge sakna dampskip.

Dette funnet vart fyrste gong omtala i 2021, og er ei av mange kuriøse oppdagingar gjennom 20 år med kartlegging av havbotnen i Mareano-programmet. Jubileet no i 2025 gjer at vi trekk fram nokre enkeltsaker frå den omfattande kartlegginga.

Då Mareano-forskarane undersøkte botnen vest av Tennholmen fyr i Bodø 22. mai  2021, dukka eit 100 meter langt vrak opp på skjermen. 

Forskarane hadde allereie undersøkt dei detaljerte djupnekarta som dei brukar når dei planlegg kor havbotnen skal kartleggast med mellom anna video.  

Dei hadde observert korallar i området, men akkurat desse strukturane skilte seg litt ut frå korallane som alt var kartlagt. Dermed vart det bestemt at dette måtte dei undersøke nærare. 

Då kameraet nærma seg strukturane, vart det fort klart at det var snakk om eit gammalt vrak. Store korallar på vraket tyda på at det hadde lagt der lenge. 

Deler av et vrak på havbunnen. Det er overvokst av noe som ser ut som mose, noen steder vokser det store koraller i hvitt og rødt.
Vraket ligg på 218 meters djup. Dei store korallane på skroget viser at det har lagt her lenge. Ser du nøye på biletet kan du sjå at det er to ulike korallartar: Lophelia til venstre og sjøtre (Paragorgia) til høgre. Det er 10 cm mellom dei raude laserprikkane.
Foto: Mareano / Havforskingsinstituttet

 

Etter litt detektivarbeid om bord på forskingsfartøyet, blei det avslørt at det var DS Malmberget som endeleg var funne. 43 menneske omkom då den svenske skuta forsvann nesten sporlaust i ein storm for over 100 år sidan. Fleire av dei omkomne var frå Narvik og området rundt. 

Sjå video og høyr podcast

Video med glimt av vraket slik det ligg på havbotnen no og foto av korleis dampskipet såg ut før det sank:

Podcast:
Høyr om vrakfunnet i Havpodden: De avslører havdypets hemmeligheter

Ei rund livbøye står oppetter ein bergvegg på land.
Etter forliset ble idet mellom anna funne ei livbøye frå DS Malmberget.
Foto: Kenneth Didriksen (bruk etter avtale)

 

Kontakt

Bilde av Pål Buhl-Mortensen

Pål Buhl-Mortensen

Havforskningsinstituttet
Biologisk kartlegging, leder utøvende gruppe
Biolog
484 03 792
Bilde av Beate Hoddevik

Beate Hoddevik

Havforskningsinstituttet
Kommunikasjonsrådgiver
908 21 630
Kart som viser Norge og havområdene i sør, vest og nord. I havområdene er kartlagte områder markert.

Oversikt over forvaltingsplanområde (blå strek), område kor Mareano har kartlagt (tynn kvit strek) med årstal for perioden kartlegginga har blitt gjort, og status for kartlegging. Kart: Mareano

Kart: Mareano

Mareano – 20 år med botnkartlegging

I 20 år har Mareano kartlagt djup, botnforhold, biologisk mangfald, naturtypar og foureiningi sedimenta i norske havområde. No i 2025 feirar vi jubileum.

Kartlegginga utførast i eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet (HI), Noregs geologiske undersøking (NGU) og Kartverket.

Dei tre samarbeidspartnarane utgjer også utøvande gruppe i Mareano, og gjennomførar den daglege drifta.

Det overordna ansvaret ligg hos programgruppa som blir leidd av Miljødirektoratet.

Mareano-konferansen 2025 blir arrangert 23. oktober.