
LEIAR PILOTSTUDIE: Kartverket, som er del av utøvande gruppe i Mareano, leiar pilotstudien «Grønne havbunnsundersøkelser» under det offentleg–private samarbeidet «Grønt skipsfartprogram». Illustrasjon: Kartverket
LEIAR PILOTSTUDIE: Kartverket, som er del av utøvande gruppe i Mareano, leiar pilotstudien «Grønne havbunnsundersøkelser» under det offentleg–private samarbeidet «Grønt skipsfartprogram». Illustrasjon: Kartverket
Publisert: 03.09.2024
Eit av verktøya som blir brukt for å redusere påverknaden er offentlege anskaffingar. Mareano ved Kartverket kjøper kartleggingstenester frå den kommersielle marknaden. I januar 2024 blei det innført endring i forskrift om offentlege anskaffingar (anskaffelsesforskriften), som ei drivkraft i det grøne skiftet. Klima og miljø no blir vekta høgare i offentlege anskaffingar – som hovudregel minst 30 prosent. Mareano har sidan 2022 vektlagt energiforbruk til fartøyet som blir brukt under sjømåling, når anbod blir evaluert.
For å forbetre og harmonisere klima- og miljøkrav mellom dei forskjellige aktørane og lære av kvarandre sine erfaringar, har Kartverket starta pilotstudien «Grønne havbunnsundersøkelser» under «Grønt skipsfartprogram». Pilotstudien blir leia av Kartverket ved prosjektingeniør Nicolien Haasbroek.
– Det er Kartverket som har teke initiativ og arbeidd for å få etablert piloten. I april 2024 blei pilotstudien godkjent på partnarmøtet til «Grønt skipsfartsprogram», seier Haasbroek.
Målet til pilotstudien er å utvikle einskaplege grøne kriteria for innkjøp av maritime tenester knytt til havbotnundersøkingar, og å koordinere desse mellom aktørane for auka føreseielegheit og effektivitet i bransjen.
Piloten har med seg både offentlege etatar og private aktørar som avskaffar denne type kartleggingstenester, i tillegg til leverandørbransjen og dei som bygger utstyr (f.eks. fartøy). Rapporten frå pilotprosjektet skal vere ferdig i mai 2025.
Ved å samarbeide om planar for kartlegging og dele data kan vi redusere behovet for tokt i felt.
– Når data kan gjenbrukas eller bli samla inn på felles tokt, vil vi kunne redusere talet på tokt. Dette blir viktig for Mareano, både for å redusere klimaavtrykk og kostnadar. Den pågåande utviklinga av ubemanna fartøy vil kunne redusere energiforbruket i felt mye, og på sikt truleg også redusere kostnadar, seier Haasbroek.