Gå til hovedinnhold
Tokt2 fig2 top metallic box nett

Av og til dukkar det opp overraskingar, slik som desse «boksane».

Slam, sennep og Mareano

Toktdagbok: Vi er no i den djupaste delen av Skagerrak for å undersøkje ein noko uvanleg sjøbotn. Etter 2. verdskrig, og så seint som på slutten av 60-talet, var det vanleg å søkke gammal ammunisjon i djupe vatn eller i sjøen.

I Skagerrak er det eit slik dumpefelt, der eldre, utrangerte fraktebåtar lasta med kjemiske stridsmidlar, som til dømes sennepsgass, blei søkte ned til cirka 600 meters djup. Det er berekna at mellom 41 000 og 48 000 tonn med ammunisjon er dumpa i dette området. 

Dei søkte båtane er tydelege å sjå på høgoppløyselege batymetridata, men skipsvrak er ikkje vårt mål på dette toktet, men heller områda omkring dei. Så kva finn vi eigentleg her?

Oversiktskart
Oversiktskart over området NS-SK-Sør som er undersøkt på dette toktet. Svart polygon viser grensene til dumpefeltet og kvite liner viser toktruta til FF «G.O. Sars». Undersøkte videostasjonar er merka raudt. Grøne stjerner indikerer kor vi har funne merkelege metallobjekt. 

Svaret er … slam … MYKJE slam. Sjøbotn er dekka med titals meter mjukt slam, ei blanding av silt og leire, og vi har sett timevis med videoopptak av slamholdig sjøbotn. Men enkelte overraskingar, som merkelege metallboksar, dukkar opp enkelte stader i dumpefeltet.

Boksar
Vi har sett på mange videoliner med slam. Men av og til dukkar det opp overraskingar, slik som desse «boksane». Lokaliseringa er vist med grøne stjerner på oversiktskartet. Det er 10 cm mellom dei raude prikkane på bilda.

54 vrak er allereie funne i Skagerrak, og 36 av desse er truleg ein del av det kjemiske ammunisjonsdumpefeltet (FFI-RAPPORT 19/00245). Ved tolking av den høgoppløyselege Mareano-batymetrien (5 meters gridd) ser vi også mange vrak, der dei fleste ikkje er «offisielt» lokalisert. Sjølv om vi ikkje kryssar over vrak i området, ser vi andre menneskelege spor, som mykje plastikksøppel av ulik storleik.

Djupnekart
Djupnekart som viser offisielle vrakposisjonar, og objekt tolka som vrak frå 5-meter gridda batymetri (lilla polygon). Dei offisielle vrakposisjonane er merka med ljosegule rundingar. Raude stjerner indikerer der vi har funne merkelege metallboksar. Dei kvite linene viser toktruta til FF «G.O. Sars», og kor vi har stoppa for å gjere videoopptak (grøne korte liner).
Plastsøppel
Berre få stader finn vi grus og stein. Her ser vi plastikksøppel stoppa av ein stein.

Av omsyn til tryggleiken, blir det ikkje tatt geologiske, biologiske eller kjemiske prøver i dumpefeltet. Prøvene blir tatt utanfor. Særleg dei kjemiske prøvene vil bli svært interessante å studere. 

På grunn av sennepsgass og andre kjemiske stoff, både i og moglegvis utanfor dumpefeltet, samt at vi ikkje veit akkurat kor farlege desse stoffa er, må vi bruke hanskar når vi handsamar sedimentprøvene. Dette gjer det litt vanskelegare for oss geologar, da vi må føle gjennom hanskane kva slag sediment vi har med å gjere. 

Likevel, dei fleste av prøvene består av finkorna slam, og berre eit fåtal prøver inneheld ein del sand.

Geolog på dekk
Geologen må også bruke hanskar, noko som gjer det vanskelegare å analysere dei slamholdige sedimenta. Men tryggleiken kjem først! seier Valérie Bellec.
Videorigg
Videoriggen kjem på dekk etter ei gransking av sjøbotn i dumpefeltet.

 

Vil du vite mer om dumpefeltet?

FFI-rapport: Hansen, R.E:, Lågstad, P., Sæbø, T.O., 2019. Search and monitoring of shipwreck and munitions dumpsites using HUGIN AUV with synthetic aperture sonar. Norwegian Defence Research Establishment (FFI), FFI rapport 19/002457.
Kystverket-rapport: Funn av kjemiske stridsmidler, veiledning til norske fiskere. www.kystverket.no