Nytt kart viser kor korallane våre kan trivast
Publisert: 13.06.2023
– Korallreva våre er tilpassa temperaturen her i nord, derfor kallar vi dei kaldvassrev i motsetnad til tropiske rev som treng varmare vatn, seier havforskar og korallekspert Pål Buhl-Mortensen.
Dei tropiske reva finst gjerne nær overflata slik at dei er lett tilgjengelege, i motsetnad til kaldtvassreva som «gøymer» seg på djupet. Det gjer dei vanskelegare både å oppdage, kartleggje og beskytte.
– Men også våre korallrev er fulle av dyreliv og dei kan vere ganske så fargerike, seier Buhl-Mortensen.
I snart 20 år har han vore med på å kartleggje havbotnen utanfor Noreg gjennom Mareano-programmet – og eit av resultata viser altså at vi har svært mange korallrev.
– Til no har vi påvist over 1750 levande rev som er kartfesta, men truleg er det langt fleire rev i norske havområde, fortel han.
Har vore i Noreg sidan istida
Dei norske korallreva er i all hovudsak bygd opp av steinkorallen Desmophyllum pertusum, som tidlegare hadde namnet Lophelia pertusa. På norsk kallar vi denne arten for augekorall (bokmål: øyekorall).
– Sjølv om arten har fått nytt vitskapleg namn, kallar vi framleis reva for Lophelia-rev.
Korallane brukar lang tid på å byggje opp eit stort rev, men når det først er etablert i eit område der korallane trivst, kan dei bli eldgamle.
– Mange av reva er meir enn 5000 år, dei eldste i Noreg er rundt 9500 år gamle, og lever framleis i beste velgåande, fortel Buhl-Mortensen.
Korallreva er viktige for livet i havet
Tidlegare trudde forskarane at korallrev i våre farvatn var relativt sjeldne. Fiskarar hadde i lang tid rapportert om korallar, men først på 1990-talet vart det i visse område utanfor Noreg dokumentert at det faktisk var veldig mange korallrev. At dei finst i så stort omfang som vi no kan sjå, betyr også at dei er viktige:
– Sidan det er langt fleire korallrev enn vi tidlegare har trudd, er det også veldig sannsynleg at den økologiske betydninga er tilsvarande stor, seier Buhl-Mortensen.
Sårbare rev
Korallreva utgjer ein stor naturverdi i Noreg. Derfor er det frå før etablert 19 verneområde for å beskytte dei mot skadelege påverknadar.
– Korallrev er sårbare for fysisk påverknad, som for eksempel botntrål. I tillegg kan også aukande havtemperatur som følgje av klimaendringane vere ein trussel, seier Buhl-Mortensen.
Tidkrevjande kartleggjing
- Å kartleggje Lophelia-rev visuelt er eit svært tidkrevjande arbeid sidan dei fleste er på djupt vatn, derfor vil den nye modellen som er brukt i det ferske kartet, hjelpe oss eit godt stykke på veg, seier HI-forskaren.
I modellen blir kart over djupne, terreng, temperatur og saltinnhald nær botnen kombinert med biologisk kunnskap.
– Dette kartet viser i kva område langs kysten det truleg kan førekomme korallrev, ikkje berre i områda som Mareano har djupnekartlagt, seier Buhl-Mortensen.
Kombinerte kartlag viser kor det er størst sjanse for å finne korallar
Frå før har Mareano eit kartlag som viser strukturane på havbotnen som er klassifiserte som sannsynlege førekomstar av korallrev. Desse er presenterte på eit eige kartlag, og er laga ved hjelp av romleg statistisk analyse (maskinlæring) på detaljerte djupnedata.
– For å finne ut kor det er størst sjanse for å finne korallar, bør ein kombinere kartet som viser dei sannsynlege førekomstane med det nye kartet der det er tatt høgde for kva krav korallane har til mellom anna straum og temperatur, forklarar Buhl-Mortensen.
Dersom dei to kartlaga blir kombinert, vil ein få oversikt over både kor det er strukturar som er rekna som sannsynlege førekomstar av korallrev og i tillegg i kva område dei beste leveforholda for korallar er. Der dei to kartlaga overlappar, vil sjansane for å finne levande korallar vere størst.
– Først når vi har undersøkt desse strukturane med video eller høgoppløyseleg sonar, kan vi slå fast om det er korallrev eller ikkje, seier Buhl-Mortensen.
Må sjå korallane for å bekrefte at dei er der
Det nye kartlaget over kva område som har gode leveforhold for korallar, dekker heile norskekysten. Det gjer at det blir brukt både i planlegging av kva område som skal kartleggjast i meir detalj, og dei vil vere til hjelp i arbeidet med forvaltningsplanane for dei norske havområda.
– Vi brukar sjølvsagt begge karta i planlegginga av kva stasjonar vi skal undersøke i detalj på Mareano-tokt. Til dømes kan vi sjå at det er gunstige leveforhold for korallar i enkelte kystnære område av Nordsjøen, samstundes som det også er strukturar der som kan vere korallar, seier Buhl-Mortensen.
Når eit område vert undersøkt på Mareano-tokt, blir det mellom anna visuelt undersøkt – noko som er avgjerande for å bekrefte nye korallrev.
Lenker:
- kart som viser både modellert leveområde for korallar og strukturane som er klassifisert som "sannsynlege korallar"
- same kart som over, men dette kartet inkluderer også terrengmodell slik at ein kan sjå korleis havbotnen ser ut
- på dette kartet er også bekrefta korallrev inkludert
Referanse:
Sundahl H, Buhl-Mortensen P, Buhl-Mortensen L (2020). Distribution and Suitable Habitat of the Cold-Water Corals Lophelia pertusa, Paragorgia arborea, and Primnoa resedaeformis on the Norwegian Continental Shelf. Front. Mar. Sci. 7:213.
Diesing, M. & Thorsnes, T.: Mapping of Cold-Water Coral Carbonate Mounds Based on Geomorphometric Features: An Object-Based Approach. Geosciences, 8, 2, 34.