Gå til hovedinnhold
Slangestjerne som klamrar seg til piperensar.

Fascinerande samhald mellom slangestjerna Asteronyx og den store piperensaren, Funiculina quadrandularis.

Brått var toktet over

Toktdagbok: Mareanos sommartokt avslutta med observasjon av plast- og metallskrot på dei djupe lokalitetane, mens sjeldan samspel mellom slangestjerner og pipereinsarane fascinerte forskarane. Dessverre avslutta toktet med uventa utfordringar då videoriggen blei tapt på 320 meters djup.

Spor etter menneske på havbotnen

Etter å ha undersøkt den djupe havbotnen i Skagerrak, ned mot 700 m, på 42 ulike lokalitetar, vart 20 lokalitetar granska i kystbeltet frå Kragerø til Arendal. Innanfor dumpingsområdet for kjemiske stridsmidlar er det forbode å tråle, men heller ikkje i området rundt så vi spor etter trål. Dette skuldast nok helst at det er lite fisk og reker å fiske på der. På grunnare vatn derimot, var det vanleg å sjå spor av botntrål på blautbotn. Dette er spor etter reketråling.

Nær kysten er det lite søppel, men mange trålspor, lenger ut var det meire søppel, men ingen trålspor.
Kart over søppel og trålspor i Skagerrak.


Søppel derimot var meir vanleg. Ute i dei djupe områda såg vi plast- og metallskrot på 60 prosent av alle lokalitetane. Nær kysten var det langt mindre søppel å sjå, her gjorde vi observasjonar på 21 prosent av lokalitetane. Plastsøppel observerte vi berre på djupet i Norskerenna.

Slangestjerna i den store pipereinsaren

I desse områda såg vi utruleg velutvikla sjøfjør-enger. Noko som fascinerte oss spesielt, var «samhaldet» mellom slangestjerna Asteronyx loveni og den store pipereinsaren, Funiculina quadrangularis. Vi dokumenterte at polyppane på sjøfjøra ikkje ser ut til å bli forstyrra av at slangestjerna klenger seg fast i den. På enkelte av videoopptaka kan det nesten sjå ut som at Asteronyx stryk armane over polyppane, frå foten av ein polypp til enden av tentaklane. Kanskje er dette noko av det same som vi kan sjå i forholdet mellom slangestjerner og svartkorall i newzealandske fjordar. Altså at slangestjerna held pipereinsaren rein og dei dermed har nytte av kvarandre. Men dette veit vi ikkje sikkert, berre at det er eit spanande samhald mellom desse to artane som er til nytte for begge.

To store piperensarar i kystbeltet

Slangestjerna og piperensaren
Fascinerande samhald mellom slangestjerna Asteronyx og den store pipereinsaren, Funiculina quadrandularis

Uheldig avslutning

Toktet kunne slutta på ein kjekkare måte enn slik det enda på torsdag ettermiddag. Då rauk kabelen til videoriggen Chimaera plutseleg då riggen vart fira nedover i djupet. Det var ingenting som skulle tilseie at noko slikt kunne hende. Materialtrøyttleik i koplinga mellom kabel og plugg er det einaste vi kan tenkje oss. Videoriggen sokk ned på 320 meters djup. Det var ingen båtar med ROV (fjernstyrt miniubåt) i nærleiken som kunne hjelpe oss med å hente riggen opp, dermed var den einaste løysinga å prøve å sokne etter den. Vi satte saman ei anordning med krok og ein transpondar (ein sendar for å gje nøyaktig posisjon under vatn). Denne slepte vi langsamt over posisjonen til videoriggen i fem timar, utan hell. No er posisjonen merka med at det står bruk i sjøen, og Fiskeridirektoratet og Fiskarlaget vil bli varsla slik at riggen kan stå i fred inntil vi kjem tilbake i oktober med ein større ROV og hentar ho opp att. 

Anna prøvetaking blei gjort ferdig og på fredag føremiddag siglar FF G.O. Sars mot Bergen.

Kontakt

Bilde av Pål Buhl-Mortensen

Pål Buhl-Mortensen

Havforskningsinstituttet
Biologisk kartlegging, leder utøvende gruppe
Biolog
484 03 792
Bilde av Valérie Bellec

Valérie Bellec

Norges geologiske undersøkelse
Forsker