Gå til hovedinnhold

Djupnekartlegging for 2022 ute på anbod

I år vil Mareano-programmet djupnekartleggje i delar av Nordsjøen. Ein open anbodskonkurranse for djupnekartlegging i området er nett publisert. 

Til saman 6000 km2 i sørlege delar av Nordsjøen er planlagt djupnekartlagt i 2022.  

Anbodskonkurransen er lyst ut på Doffin og TED: 

Kontrakten har ein verdi på 10 millionar kroner, med moglegheit for opsjonar. Anbodsfristen er sett til 17. februar 2022.

Omprioritert område for djupneklartlegging

Olje- og energidepartementet har gjeve Oljedirektoratet oppdraget med å gjere undersøkingar i samanheng med tildeling av areal for havvind. Oljedirektoratet har fått i oppgave å planlegge og gjennomføre en anbodsprosess av forundersøkingar i områda Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord, som opna for søknadar om fornybar energiproduksjon for halvanna år sidan, skriv direktoratet på sin nettstad. 

Som følgje av dette omprioriterte Mareano på områda i Nordsjøen som skal djupnekartleggjast i 2022.

Kartutsnitt som visar kva område i Nordsjøen som omfattast av anbodskonkurransen for djupnekartlegging i 2022.
OMRÅDE I ANBOD: Dei gule boksane merkar område i Nordsjøen som Mareano-programmet i utgangspunktet planla å djupnekartleggje i 2022. Kjelde: Kartverket/Mareano 
Kart som viser område i Nordsjøen kor Mareano skal djupnekartlegge i 2022. Området er merka med gule bokser.
OMDISPONERT OMRÅDE: Dei gule boksane merkar område i Nordsjøen som Mareano-programmet skal djupnekartlegge i 2022. Kjelde: Kartverket/Mareano

Kontakt

Bilde av Hanne Hodnesdal

Hanne Hodnesdal

Kartverket
Dybdekartlegging, med i utøvende gruppe
51 85 88 23 / 473 17 222
Bilde av Sissel Kanstad

Sissel Kanstad

Kartverket
Kommunikasjonsrådigver
51 85 88 28 / 995 13 848