Gå til hovedinnhold
Havnasjonen, utstilling, Atlanterhavsparken

Havnasjonen er den delen av vitensenteret kor Mareano har levert fagleg innhald til mange av aktivitetane. Alle bileta: Gudmund Løvø

Marint vitensenter med Mareano-hjelp

Landets første vitensenter med marin profil er opna i Ålesund. Mareano-programmet har levert fagleg innhald og samstundes gjeve ein million kroner til den store satsinga i Atlanterhavsparken.

Nyleg vart utstillingane i det 12. regionale vitensenteret opna med ikkje mindre enn to statsrådar til stades. Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) deltok på videolenke, mens fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) sto for den offisielle snorklippinga.

Prosjektleiar Anne Breiby og utstillingsansvarleg Tommy Vangsmo.
Prosjektleiar Anne Breiby og utstillingsansvarleg Tommy Vangsmo rosa dei mange dyktige fagfolka som har bidrege til dei nye utstillingane, mellom anna medarbeidarar i Mareano-programmet; Kartverket, Havforskingsinstituttet og Norges geologiske undersøking (NGU).

Alle til gode

Fleire peika på kor viktig det er med ein formidlar av havet og eit nærast komplett kunnskapssenter, som miljøet i Ålesund no vert: 

- På tide, og på rett stad! sa Rotevatn då han gratulerte Atlanterhavsparken med det nye vitensenteret. - Ein stor dag, meinte Ingebrigtsen, som understreka at det er naudsynt med auka kunnskap om havet for ei god forvalting.

Dagleg leiar Heidi B. Roaldsand i vitensenteret understreka at satsinga er starten på eit nytt kapittel i Atlanterhavsparken si historie, og noko som både kjem regionen, Noreg og alle turistane til gode.

Tre utstillingar

Vitensenteret inneheld tre interaktive utstillingar og vert altså ein integrert ein del av Atlanterhavsparken og akvariet i Ålesund. Dei nye utstillingane er Havnasjonen, kor Mareano har bidrege sterkt, Å leve i havet og Havforsking.

Ei rad sentrale gjestar var til stades under opninga, mellom anna direktør Sissel Rogne i Havforskingsinstituttet, ordførar Eva Vinje Aurdal i Ålesund kommune og Kystverkets direktør Einar Vik Arset.

Dykkarklokke, Atlanterhavsparken
Her kan du styre di eiga dykkarklokke og oppleva kva som finst på djupet i Breisundet rett utanfor Ålesund.
Tareskog
Du kan vandre gjennom ein tareskog…
På botn
…sjå kva du kan finne på havbotn…
Raudåte
…få raudåta til havoverflata…
Under vatn
…undersøke kva som lever i havet og velja deg eit yrke til sjøs.
Animasjon
Ein animasjon fortel om korleis Mareano kartlegg havbotnen.
utstilling, sandkasse
I sandkassa kan du modellere topografien og lage din eigen havbotn. Foto: Hanne Hodnesdal
Heidi Roaldsand
Heidi B. Roaldsand er dagleg leiar for vitensenteret.

Odd Emil Ingebrigtsen

Odd Emil Ingebrigtsen
Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen opna vitensenteret med smell og konfetti.

 

Kontakt

Bilde av Terje Thorsnes

Terje Thorsnes

Norges geologiske undersøkelse
452 81 775
Bilde av Gudmund Løvø

Gudmund Løvø

Norges geologiske undersøkelse
Kommunikasjonsrådgiver
990 91 742