Gå til hovedinnhold
Fjærestjerne på havbunnen

Bunnsamfunnene endrer seg fra øst til vest på Spitsbergenbanken. Dette er fjærestjernen Heliometra glacialis, som er tilpasset et liv i sterke strømmer. (Foto: Mareano / Havforskningsinstituttet)

Forsking på havbotnen er samla mellom to permar

I sju av 13 artiklar som er samla om kartlegging av botnen i Nord-Atlanteren er det forskarar involvert i Mareano på forfattarlista.

I artikkelsamlinga kan du lese om resultat innan mellom anna kartlegging av havbotnens dyresamfunn, geologi og miljøtilstand. 

I artikkelsamlinga blir det mellom anna formidla røynsle med nye metodar og utstyr, så som sjølvgåande undervassfartøy og maskinlæring. Artiklane frå Mareano-forskarar omhandlar fleire ulike tema, mellom anna romleg modellering av sårbare naturtypar.

Initiativtakar til denne utgåva av Research Topic er havforskar Pål Buhl-Mortensen som også har vore med på Mareano-kartlegginga sidan starten.

- Med all satsing på blå vekst og den store utfordringa som kartlegging av botnen i verdshava utgjer, var det naturleg å foreslå eit tematidsskrift om all den nye kunnskapen som vi har om havbotnen i Nord-Atlanteren. Det blir gjort omfattande forsking her, så det er fint å få vist fram nokre av resultata på denne måten, seier han.

Referanse:

Buhl-Mortensen, Pål, Vincent Lecours, and Craig J. Brown. "Seafloor Mapping of the Atlantic Ocean." Frontiers in Marine Science (2021). Lenke: https://doi.org/10.3389/fmars.2021.721602

Vi kartlegger havbunnen – vil du vite hva vi finner?

Da kan du melde deg på årets Mareano-konferanse. Her får du helt oppdatert kunnskap om nye spennende funn – og du får vite litt om hvordan du kan bruke dataene i ditt eget arbeid.

Årets konferanse blir digital og gjennomføres 21. oktober.

Se programmet og meld deg på konferansen.

Kontakt

Bilde av Pål Buhl-Mortensen

Pål Buhl-Mortensen

Havforskningsinstituttet
Biologisk kartlegging, leder utøvende gruppe
Biolog
484 03 792