Gå til hovedinnhold
R661vl687 c 00 08 58

Har vurdert vernet av norske korallrev

Alle korallrev i Noreg har eit generelt vern som gjer at det er forbode å øydeleggje dei. I tillegg har enkelte korallområde eit særskilt vern som inneber at det ikkje er lov å drive botntråling der. Dei siste åra er det kartlagt fleire nye rev, nokre av dei gjennom MAREANO, og no har Havforskingsinstituttet mellom anna vurdert om nokon av desse bør få særskilt vern.

Dette kjem fram i  rapporten ”Vurdering av norske korallrev” som er skrive av Havforskingsinstituttet på oppdrag frå Fiskeridirektoratet.

Ni korallområde har særskilt vern

No har ni korallrev eller korallområde særskilt vern mot å bli øydelagde. I tillegg har alle kjende korallar i norske område eit generelt vern som skal hindre at dei vert øydelagde. I den nye rapporten har Havforskingsinstituttet vurdert om det særskilte vernet er tilstrekkeleg, og i tillegg om dei ni områda er representative for alle korallreva som veks i fjordane, langs kysten og i havet utanfor. I åra etter at dei ni områda vart verna er det kome mykje ny kunnskap om kvar det er korallrev og kva utstrekning dei har, til dømes gjennom kartleggingsprogrammet MAREANO. Denne kunnskapen er inkludert i rapporten og dannar grunnlaget for vurderingane i den.

Dei norske korallreva er bygde opp av kaldvasskorallen Lophelia pertusa. Dei veks langs det meste av kysten, med unntak av Sørlandet, Sogn og Fjordane og den nordlegaste delen av Finnmark. Sannsynlegvis er det havstraumane og miljøtilhøva som er avgjerande for at det ikkje er funne korallrev i desse områda.

Foreslår å dele kysten i korallområde

Det er særleg straumen av atlanterhavsvatn som ser ut til å vere viktig for kvar korallane veks.  På bakgrunn av korleis denne straumen fordelar seg utover langs norskekysten har forskarane foreslått å dele kysten inn i fire korallområde: Skagerrak, Vestlandet, Midt-Noreg og Nord-Noreg. Innan kvart av desse områda bør det vere eit representativt utval av korallrev med særskilt vern. Ingen korallrev er heilt like i form og storleik, men utsjånaden er likevel med på å definere sju kategoriar av vekstformer. Reva kan til dømes vere langstrakte, danne haugar eller vekse nedover ein fjellvegg.

Les rapporten

Vurdering av norske korallrev (Rapport fra Havforskningen nr. 8-2015)

Kontaktpersonar

forskar
Jan Helge Fosså
924 25 513

forskar
Pål Buhl-Mortensen
55 90 64 97

kommunikasjonsrådgjevar
Beate Hoddevik Sunnset
908 21 630