Gå til hovedinnhold
Terrengmodell av Eggakanten utenfor Lofoten og Vesterålen.

LOFOTEN: Terrengmodell av Eggakanten utenfor Lofoten og Vesterålen i Nordland. Området måler 200 km på tvers (bildelengden). Dypeste punkt er rundt 2700 meter.

Foto: Kartverket/Mareano

Behov for betre data til marint naturrekneskap

Eit tverretatleg forprosjekt har evaluert om Noreg har gode nok data frå hav og kyst til å lage økosystemkart til bruk i naturrekneskap. Her er data frå Mareano sentrale. Les resultata i prosjektrapporten.

Forprosjektet er gjennomført av Kartverket i samarbeid med Noregs geologiske undersøking, Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet, på oppdrag frå Miljødirektoratet. Resultat og anbefalingar er oppsummert i rapporten «Data- og kunnskapsevaluering for økosystemkart til bruk i marint naturregnskap» – og er eit bidrag inn i det kommande pilotarbeidet med eit marint naturrekneskap for kystsona i Lofoten. 

Det er ikkje tilstrekkeleg datadekning og tidsseriar som er nødvendig for analysar. Rapporten viser at det er behov for å utvide datagrunnlaget i areal, over tid og å lette tilgangen på data. I tillegg må det eksisterande datagrunnlaget tilretteleggjast betre. 

Kunnskap frå Mareano er relevant

Datagrunnlag frå Mareano-programmet har vore sentrale i arbeidet til forprosjektet. Mareano-data følger FAIR-prinsippa. Dette gjer at desse dataa er lettare tilgjengeleg, å finne att og å gjenbruke. Mareano har data frå ytre deler av pilotområdet i Lofoten.  

– Det blir interessant å sjå korleis data frå Mareano kommer til å bli brukt i utarbeiding av naturrekneskapet, og kva som blir resultatet både der Mareano har dekning og i område utan dekning, seier Hanne Hodnesdal, ansvarleg for Mareano i Kartverket. 

Funn frå rapporten 

Evalueringa av relevante datasett i forprosjektet viser at det er stor variasjon i dekninga for marine område. Grove data har generelt betre dekning enn data med høgare og meir detaljert oppløysing.  

– Ujamn dekning av data kan skape kunnskapshol. Samtidig kan modellering av data bidra til å dekke hol. Mange område er kartlagt éin gong, og marine data blir i liten grad oppdatert. Dette gjer det vanskeleg å sjå på utviklinga over tid, seier Hodnesdal. 

Rapporten påpeiker at fleire datasett er vanskeleg å finne da dei ikkje er tilgjengeleg i den nasjonale kartkatalogen Geonorge, men eksempelvis berre er tilgjengeleg på fagsider hos ulike etatar eller skildra i rapportar og utgreiingar. 

Les meir om rapporten på kartverket.no

Naturrekneskap 

For å få betre oversikt over naturen og goda vi får frå den, jobbar Miljødirektoratet med å utvikle eit naturrekneskap (også kalla økosystemrekneskap). 

Naturen gir oss mange godar, til dømes rein luft, karbonlagring, opptak av flaumvatn og pollinering. Men mange av desse godane (også kalla økosystemtenestar) har vi dårleg oversikt over, og dei er ikkje inkludert i offentlege rekneskap og budsjett. Da blir det vanskeleg å ta gode, informerte val om samfunnsutvikling. 

Eit nasjonalt naturrekneskap kan til dømes vere nyttig for å lage nasjonale retningsliner, målsettingar eller lover.  

Kjelde: Miljødirektoratet 

Rapport frå Fagleg forum for norske havområde: Pilot marint naturregnskap – forprosjekt. Anbefalinger til gjennomføring. M-2767 I 2024

Kontakt

Bilde av Hanne Hodnesdal

Hanne Hodnesdal

Kartverket
Dybdekartlegging, med i utøvende gruppe
51 85 88 23 / 473 17 222
Bilde av Sissel Kanstad

Sissel Kanstad

Kartverket
Kommunikasjonsrådigver
51 85 88 28 / 995 13 848
Kart som viser Norge og havområdene i sør, vest og nord. I havområdene er kartlagte områder markert.

Oversikt over forvaltningsplanområder (blå strek), områder hvor Mareano har kartlagt (tynn hvit strek) med årstall for perioden kartleggingen har funnet sted, og status for kartlegging.

Kart: Mareano

Mareano – 20 år med bunnkartlegging

I 20 år har Mareano kartlagt dybde, bunnforhold, biologisk mangfold, naturtyper og forurensning i sedimentene i norske havområder. Nå i 2025 feirer vi jubileum.

Kartleggingen utføres i et samarbeid mellom Havforskningsinstituttet (HI), Norges geologiske undersøkelse (NGU) og Kartverket.

De tre samarbeidspartnerne utgjør også utøvende gruppe i Mareano, og gjennomfører den daglige driften.

Det overordnete ansvaret ligger hos programgruppen som ledes av Miljødirektoratet.