Gå til hovedinnhold
Nymphon elegans chelae med fingre

Detektiven som finn svar i små klør og rare mønster

Ved hjelp av ørsmå detaljar nedteikna i gamle bøker, klarar Arne Hassel å identifisere havedderkoppar og sjøstjerner på sprit. Vår eigen detektiv har bygd opp eit unikt arkiv over alt det vakre, rare, mystiske og magiske som lever i havet - og svært mykje av tida brukar han på å identifisere artar som har dukka opp i prøvane på MAREANO-tokt. 

På bakkeplan i kontorbygget på Nykirkekaien i Bergen, med utsikt rett i akter på forskingsfartøyet «Kristine Bonnevie», ligg to mindre laboratorium.

Dette er havforskar Arne Hassel sitt domene.  

Han skulle berre innom for å undersøke noko, den gongen i 2006. Sidan har han blitt verande. 

alt
Forskar Arne Hassel er HI sin eigen detektiv. Ved hjelp av små detaljar på små botndyr, klarar han å finne ut akkurat kva art dei tilhøyrer. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

– Eg er jo eigentleg ein plankton-mann, eg, seier Arne.  

– Men så var det så mykje nytt som kom inn her på laben, og det er så kjekt å dokumentere alle desse artane! Så har det blitt ei stor samling, slik etter kvart. 

Samlinga er ikkje berre stor, men også unik.  

Skattekista til Arne byr på over seks tusen bilete av små, rare og vakre botndyr. Eller benthos, som forskarane kallar dei ulike organismane som lever i og på havbotnen.

alt

alt

Det er mange arter som likner svært mye på hverandre og skaper hodebry for en taksonom. Onchnesoma squamatum tilhørerer gruppen Sipuncula, og denne lille sekken av et dyr utgjør ikke noe problem å artsbestemme. Snabelen kan være ute eller inntrukket, men den pæreformete kroppen som er dekket av grove skall er unik. I bestemmelseslitteraturen spørres det om indre organer, f.eks. om disse dyrene har en eller to nephridier (nyrer). Et snitt med skalpellen deler kroppen i to, og der finner jeg et enkelt nephridium, helt ifølge fasiten. På bildet av det overskårne dyret er nyren den lille blæren til venstre i den underste halvdelen. Resten er stort sett bare sandfylte tarmer som er pent skåret over, og egg. Størrelsen er heller beskjeden, under en cm. Tekst og foto: Arne Hassel, HI

Frå trål i Barentshavet til glas med sprit i Bergen 

Når HI er på tokt, nyttar dei ei rekke verktøy for å få tak i godbitane. Dei små botndyra, som gjerne berre er nokre få millimeter lange, bør helst komme opp så heile som råd er.

Då bruker ein bomtrål, grabb eller ein slede. 

Ofte er det tokt gjennomført av MAREANO, som Arne no jobbar for på fulltid. 

Dyra blir lagt på formalin om bord på forskingsfartøyet, så blir dei grovsortert når skipet kjem til kai i Tromsø. 

alt
Etter at bomtrålen har vore i bruk, kan resultatet bli store mengder slam. Dette må måkast opp i dunkar på dekk, før slammet vert sikta på spesialbygde siktebord. Teknikarane Ragni Olssøn og Andrey Voronkov, her på MAREANO-tokt, har byrja på jobben. Det er dei små dyra her i frå, som til slutt kan hamne på Arne sitt bord i Bergen. Foto: Børge Holte/HI 

Til slutt hamnar dei på Arnes bord i Bergen. 

– Når dei kjem hit, er dei samla på glas etter kva hovudgruppe dei tilhøyrer, til dømes sjøstjerne eller havedderkopp, fortel Arne. 

«Bibel» frå 1891 framleis i bruk 

Arne skal identifisere dyret – artsbestemme det. Dyra blir tatt ut, sortert på glas med sprit, og det blir notert ned antall dyr og vekt.

Men korleis klarar ein så å artsbestemma i eit virvar av artar, slekter, familiar og alle slags kategoriar? 

Det er eit arbeid som medfører nøye etterforsking. 

– Jakta byrjar i ein av «biblane» mine. Som denne, skrive av sjølvaste G.O. Sars, tilbake i 1891, viser Arne og blar i side på side med detaljerte teikningar av havedderkoppar.  

– Når vi forskarar diskuterer i dag, er framleis Sars ein «fasit» for oss.

alt
Havforskar G.O. Sars var tidleg ute - og han gjorde ein grundig jobb. Den dag i dag brukar Arne "bibelen" frå 1891 som eit verktøy for å identifisere ulike artar. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI

Han tek bilete av det aktuelle botndyret gjennom mikroskopet. 

Så leitar han gjennom dei forskjellige bestemmingsnøklane etter ulike kjenneteikn, for å slå fast nøyaktig kva slags sjøstjerne eller havedderkopp det er snakk om.

Ein bestemmingsnøkkel er ei bok som leiar forskarane fram til rett art, ved at ein kan sjå på alle kjenneteikna som skil artane. 

Kjenneteikna som skil ein art frå ein annan må kartleggast og gjerne fotograferast før det vitskapelege namnet kan fastsetjast. 

Det unike biletarkivet 

Det kan vere mange detaljar å skulle ha kontroll på, på ei gong; gjerne meir enn 10 ulike kjenneteikn samtidig. 

Difor har Arne blitt ein produsent av sin eigen «bibel» - det omfattande biletarkivet.

Han tek bilete og set saman plansjar – så det blir endå enklare å finne arten neste gong. 

alt
Bileta Arne tek, er til god hjelp både for han sjølv og andre, når ein skal finne ut kva art ein har med å gjere. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

Kvifor? 

Time etter time, dag for dag, jaktar Arne på detaljar som klo-lengde, piggar og alle slags anatomiske formar, ofte heilt mikroskopiske. 

Av og til oppdagar han ein art som er funnen på ein uventa stad, kanskje lengre nord enn før. Kanskje er arten meir utbreidd enn ein trudde. 

alt
Arne fotograferer dei heilt små detaljane på sjøstjerna, for å kunne artsbestemme ho. Fotograf: Erlend A. Lorentzen/HI

Små bitar i det store økologiske puslespelet – som er avgjerande informasjon, meiner han. 

– Vi kan ikkje forstå økologien, utan å vite kva vi snakkar om. Vi må vite kva artar vi har i økosystemet, for å forstå korleis det heng saman, smilar Arne Hassel lurt. 

alt

alt

alt

De som har undersøkt sjøpølser i mikroskopiske detaljer vil bli forbauset over de fantastiske kalkpartiklene, eller ossiklene på fagspråket, som finnes i huden. Acanthotrochus mirabilis er en liten, gjennomsiktig sjøpølse på rundt 10 mm lengde, og den har ossikler som er utformet som små hjul. Hos denne arten har hjulene endog spiler ut fra «felgen», slik at de likner på styrerattet på en seilskute. Hver ossikkel er bare en femtedels millimeter i diameter, så her trengs et godt mikroskop for å nyte et av naturens små skaperverk. Acanthotrochus mirabilis lever på dypt vann, denne ble hentet opp fra nesten 2000 meters dyp i Norskehavet under et Mareano-tokt. Tekst og bilder: Arne Hassel

Botndyr - benthos

•    Benthos eller bentiske organismar er eit omgrep for dei ulike organismane som lever i, på eller nært havbotnen 
•    Døme på slike organismar er svampar, sjøstjerner, korallar, krepsdyr og ei rekke andre formar for liv 

Kontakt

Arne Hassel
Forsker, Havforskningsinstituttet
55238578
arne.hassel@hi.no