Gå til hovedinnhold

Korallrev

Korallreva i djupet har mange fellestrekk med korallreva i grunne, varme strok. Dei er bygde av steinkorall og er levestad for eit fantastisk rikt dyreliv. I Noreg er det korallarten Lophelia pertusa som dannar rev.

Denne korallen ble først oppdaga på midten av 1700-talet av biskop Johan Ernst Gunnerus. Carl von Linné beskreiv arten i 1758, men det var først på 1800-talet at ein blei klar over at arten faktisk dannar rev. Først da ROV (fjernstyrt miniubåt) og anna avansert utstyr blei tatt i bruk av oljeindustrien for å undersøke havbotnen, blei det fortgang i studiane av korallreva som økosystem. Ein annan viktig faktor for auka merksemd om reva var rapporter om omfattande øydelegging av rev som følgje av botntråling.

I 1997 starta Havforskingsinstituttet undersøkingar av område der det var rapportert om slike skader, og bilda frå havbotnen bekrefta i stor grad fiskarane sine bekymringar. Havforskingsinstituttets kartlegging av skadde og intakte revområde har blitt brukt som grunnlag for å etablere verneområde for korallrev. Det første verneområdet var Sularevet. Seinare har fleire andre område blitt verna med heimel i både fiskeri- og naturvernlovgiving.

Rundt 600 korallrev er dokumenterte og stadfesta på kart, men det er kjent at det finst langt fleire som enno ikkje er dokumenterte. Tar vi med alle indikasjonane frå fleirstråleekkolodd, er talet nærare 6000. På MAREANO sin kartteneste er det nå oppdaterte kart over dei kjende korallreva i norske farvatn, i tillegg til at verneområde for korallar er merkte av.

Opplysningane i databasen kjem frå vitskaplege registreringar inkludert Havforskingsinstituttet sine kartleggingar, blant anna gjennom MAREANO, opplysningar frå fiskarar og registreringar frå oljeindustrien.

Databasen inneheld over 600 registreringar, angitt som punktdata (lokalitet for eit rev), revområde der det førekjem fleire korallrev innan eit avgrensa område, eller som verneområde for korallrev. Eit revområde kan innehalde meir enn tusen korallrev, for eksempel Træna korallfelt.

Levande kvit Lophelia.

Karta består av tre kategoriar av korallførekomstar

Kategori 1

Korallområde kor det er forbode å tråle botnen ifølgje saltvannsfiskelova (verneområde).
Reva er namngitte og godt dokumenterte med høgoppløyselege botnkart frå multistråleekkolodd og videoobservasjonar. Unntaket er Iverryggen kor vi ikkje har høgoppløyseleg botnkart.

Følgjande område er verna mot tråling:

  • Tisler (Viken/Østfold)
  • Fjellknausane (Viken/Østfold)
  • Sularevet (utanfor Nord-Trøndelag)
  • Iverryggen (utanfor Nord-Trøndelag)
  • Røstrevet (utanfor Nordland)

I tillegg er eit korallrev på Tautraryggen i Trondheimsfjorden verna med medhald i naturvernlova. Dette heiter Selligrunnen.

Kategori 2

Korallområde som ikkje har spesielt vern mot botntråling, men som er godt dokumenterte. Desse reva er namngitte område, og mange er dokumenterte med høgoppløyselege botnkart. Unntaket er områda langs Storegga og Aktivneset/Storneset, som i liten grad er dekka med gode kart.

Mange korallar er dokumenterte på bakgrunn av opplysningar frå fiskarar som igjen er bekrefta av videoundersøkingar utførte av Havforskingsinstituttet, enkelte som ein del av instituttet sin innsats i MAREANO, og oljeselskap. Opplysningar frå fiskarar som ikkje er bekrefta med video eller på annan måte, er ikkje tatt med på karta.

Områda er:

  • Store Fjellknausene (Viken/Østfold)
  • Søndre Søster (Viken/Østfold)
  • Aktivneset (utanfor Møre og Romsdal)
  • Korallneset (utanfor Møre og Romsdal)
  • Breisunddypet (utanfor Møre og Romsdal)
  • Sørmannsneset (utanfor Møre og Romsdal)
  • Skallen (utanfor Møre og Romsdal)
  • Storneset (utanfor Møre og Romsdal)
  • Bjørnsundet (Møre og Romsdal)
  • Gosen (Møre og Romsdal)
  • Hesteskoen (utenfor Nordland)
  • Træna (utanfor Nordland)
  • Hola (utanfor Vesterålen)
  • Fugløyrevet (Troms)
  • Lopphavet (Finnmark)
  • Stjernsundet (Finnmark)
  • Korallen (Finnmark)

Kategori 3

Korallrev er teikna på karta som svarte punkt utan namn. Desse reva er dokumenterte med høgoppløyselege kart eller videoundersøkingar. Kjelda kan vere Havforskingsinstituttet, blant anna gjennom MAREANO, eller oljeselskap.

Sjølv om reva først blei oppdaga i norske fjordar, er desse blitt gjenstand for færre studiar enn dei ute på sokkelen. Dette har vore ein naturlig følgje av at botntråling og røyrlegging har vore svært tydelege trusselfaktorar. Det viser seg nå at også korallrev i fjordar kan komme i konflikt med ei rekkje menneskeskapte aktivitetar.

I 2007 kartla MAREANO korallreva i Hola utanfor Vesterålen. Her står det ca. 330 langstrakte korallrev i straumretninga. Desse langstrakte reva er levande berre på oppstraumssida av reva. Det ser ut til at på stader der straumen kjem hovudsakleg frå ei side, veks reva mot straumen der maten kjem frå. På denne måten etterlèt dei seg ein fleire meter høg hale der dei eldste delane er opptil rundt 6000 år gamle.

Sjøtre, Paragorgia arborea, og risengrynkorall, Primnoa resedaeformis, er dei vanlegaste hornkorallane som dannar hardbotnkorallskog i norske farvatn.

Korallreva som økosystem

Korallreva veks langsamt og kan bli fleire tusen år gamle. Dei eldste korallreva i Noreg er rundt 9000 år gamle. Dei har eit stort mangfald av andre dyrearter som finn mat og skjulestader blant korallgreinene. Desse artene er hovudsakleg arter som også finst på annan hardbotn enn korallskjelett.

Dei artene som er mest tilpassa å leve på Lophelia pertusa er korallmarken (Eunice norvegica), skjellryggen Harmothoe oculinarum, korallkrepsen (Munidopsis serricornis), og wienerbrøddyret (Hyrrokkin sarcophaga).

Sistnemnte er eit stort eincella dyr som Lophelia-pioneren Carl Dons gav norsk namn til på 1930-talet. Han gav også norske namn til mange andre dyr som er vanlege på korallreva, for eksempel korallnelliken (Protanthea simplex).

Det høge talet av arter på Lophelia-rev kan best forklarast med det store mangfaldet av mikrohabitat (livsmiljø) som finst der. I tillegg til at korallskjelettet har mange krikar og kroker og beskytta holrom, så finn ein også små område med sediment innimellom korallgreinene. Dette gir miljø for både fastsittande filtrerarar og gravande sedimentetarar. Dei aller fleste artene på reva lever av å filtrere ut organiske partiklar frå vatnet. Desse kjem drivande med straumen, og derfor er det ikkje tilfeldig at korallreva førekjem på relativt straumsterke stader. Koralla er sjølv avhengige av ein god tilførsle av etelege organiske partiklar.

Sidan korallreva står på næringsrike stader og dannar komplekse store strukturer, er dette også ein god stad for mange fiskearter. Spesielt vanleg er uer (lusuer og vanlig uer) og brosme. Ueren finn mat oppe i vatnet rett over revet, men når straumen er for hard, legg den seg ned mellom korallgreiner der den finn le. Brosma liker seg i dei små holene som er vanlege imellom korallkoloniane. At reva har mange gode gøymestader for småfisk og kan tilby mat til mange fiskearter, er heilt klart, men kva for rolle reva speler for gyting og yngelens overleving, er lite kjent.

Kontakt

Bilde av Pål Buhl-Mortensen

Pål Buhl-Mortensen

Havforskningsinstituttet
Biologisk kartlegging, leder utøvende gruppe
Biolog
484 03 792