Aktivitetsplan 2023 (pdf, 3,2 MB) viser Mareanos arbeidsoppgåver i 2023 og skisserer plan for vidare kartlegging i kommande år i samsvar med langtidsplan for Mareano. Aktivitetsplanen har ei budsjettramme på 112,1 mill. kr. inkludert overføringar frå 2022.
BARENTSHAVET: Kartet viser status og planlagt kartlegging med multistråle-ekkolodd (MBES = Multi Beam Echo Sounder) i 2023, samt mogleg framtidig kartlegging i Barentshavet.
NORDSJØEN: Kartet viser status og planlagt kartlegging med multistråle-ekkolodd (MBES = Multi Beam Echo Sounder) i 2023 samt mogleg framtidig kartlegging i Nordsjøen. (NPD = Norwegian Petroleum Directorate).
TOKTPLAN: Kart over planlagt geo-, bio-, kjemi-kartlegging i 2023 (gult). Grønt viser kartlagt areal i 2022 og oransje-rosa viser mogleg framtidige område. Blå areal viser prioriterte område som ikkje er djupnemålt med den kvalitet Mareano krev. Grå areal er ferdig kartlagt
NORDSJØEN: Kartet viser planlagt geo-, bio-, kjemi-kartlegging i Nordsjøen i 2023 (gule områder), geologi-, biologi- og kjemi-kartlagt areal i 2022 er markert med grøne område. Mogleg framtidig innsamling i 2024 er markert med oransje område. Blå areal viser prioriterte område som ikkje er djupnemålt med den kvalitet Mareano krev.