Rekkefølge på innsamlinga
Først blir videoriggen sett ut for å sikre dokumentasjon av havbotnen utan påverknad av eigen prøvetaking, og for å identifisere stader der følsom reiskap (som boxcorer, grabb og epibenthisk slede) ikkje kan brukast. Deretter blir det tatt prøver på eigna stad langs videotransektet med grabb, multicorer og boxcorer. Til slutt blir bomtrål og epibenthisk slede trekt langs samme linje som videotransektet.