Gå til hovedinnhold

Marine landformer

Havområda utanfor Noreg framviser eit vidt spekter av landformer som varierer i alder frå nokre få år til fleire millionar år, og i størrelse frå berre nokre centimeter til fleire titals kilometer.

På kontinentalskråninga finn vi for eksempel enorme skredgroper som kan vere alt frå nokre få tusen år til fleire hundretusen år gamle. Andre eksempel på landformer som blir kartlagde i MAREANO er kanalar, gjel, sandbølger, furer danna av isbrear, isfjellpløyemerke, randmorenar og pockmark-område.

Kor desse landformene finst, er av stor betydning for blant anna utbyggingsprosjekt på havbotnen, fiskeri, havbruk, leiting etter olje og gass og miljøovervaking. Kartlegging av marine landformer er derfor ei viktig oppgåve for MAREANO.

Djupnedata frå MAREANO som viser rygger og forseinkingar (grønt er djupast, oransje grunnast) på havbotnen i Barentshavet. Tusenvis av pockmark, vist som mørke prikkar, er forseinkingar i havbotnen danna ved at gass eller væske har strøymt ut. Kvar prikk er 50–100 m i diameter.
Pløyespor etter drivande isfjell som har skrapa ned i havbotnen i Barentshavet. ”9-talet” er nesten 1000 m ”høgt”, og pløyesporet, som blei danna på slutten av siste istid for 10 000–15 000 år sidan, er 5–6 m djupt. Dei mange små forseinkingane i havbotnen representerer pockmarks, som her er opptil 50 m i diameter og nokre få meter djupe.

 

Marine landformer vist på et bakgrunnskart av marine landskap frå Håkjerringsdjupet utanfor Troms.

 

Karttjenesten

Marine landformer

Kontakt

Bilde av Frank Jakobsen

Frank Jakobsen

Norges geologiske undersøkelse
Forsker
Bilde av Lilja Rún Bjarnadóttir

Lilja Rún Bjarnadóttir

Norges geologiske undersøkelse
Geologisk kartlegging, med i utøvende gruppe
Geolog
944 97 728