Fleire terrengbilete frå botnen i Barentshavet

Djupnekartlegginga i Barentshavet beveger seg stadig lenger nordover. No er fleire bilete av terrengmodellar av havbotnen tilgjengeleg i MAREANO si kartteneste. Bileta viser ein havbotn med mange strukturar.

Djupnekartlegginga i det tidlegare omstridde området i Barentshavet, langs grensa til Russland, starta i 2011. Straumen av innsamla djupnedata blir kvalitetssikra av Kartverket før dei produserar tredimensjonale terrengmodellar av havbotn. Terrengmodellane blir laga med 5, 25 og 50 meters oppløysning mellom djupnepunkta, og vert mellom anna brukte til å lage skuggerelieffbilete av terrenget på havbotnen. Havbotnterreng (djupnedata) blir formidla vidare til brukarar. (Skuggerelieffbileta i artikkelen er i fem meters oppløysning.)

Flatt og med mange «teikningar»

Områdetsom dei nye terrengbileta er frå er cirka 200 til 300 meter djupt. Det er relativt flatt, og havbotnen har mange strukturar: kanalar, forhøgningar, gropar (pockmarks) og pløyemerke etter isfjell.

Bilete i kart og i album

Karttenesta som viser terrenget på havbotnen blir med jamne mellomrom oppdatert med nye data. Det blir samtidig laga fleire tredimensjonale bilete av terrenget. No er endeleg fleire terrengmodellbilete frå Barentshavet publisert i karttenesta til MAREANO og i biletalbumet på nettsida.

Grønt skuggerelieff av havbotnen basert på terrengmodell med oppløysning på fem meter mellom djupnepunkta. Bilete.
STRUKTURAR: Skuggerelieff av havbotnen basert på terrengmodell med oppløysning på fem meter mellom djupnepunkta. Sjølv om havområde er relativt flatt, så er det mange strukturar på botnen. Djup: 230 meter.

Skjermdump frå karttenesta på mareano.no kor terrengbilete er geografisk plassert. Illustrasjonsbilete.
KARTTENESTE: I karttenesta på mareano.no kan du sjå skuggerelieff av havbotnen. Bileta som er laga er vist med et firkanta symbol på kartet. Ved å klikke på symbolet i karttenesta vil ei visning av bilete komme opp. Bileta er og med i albumet «Terrengmodeller Barentshavet øst».

Gult skuggerelieff av havbotnen basert på terrengmodell med oppløysning på fem meter mellom djupnepunkta. Havbotnen er prega av pockmarks (runde groper danna av gass- eller væskeutstrømming). Bilete.
POCKMARKS: Skuggerelieff av havbotnen basert på terrengmodell med oppløysning på fem meter mellom djupnepunkta. Havbotnen er prega av pockmarks (runde groper danna av gass- eller væskeutstrømming). Djup: 280 meter.

Blått skuggerelieff av havbotnen basert på terrengmodell med oppløysning på fem meter mellom djupnepunkta. Havbotnen er prega av pløyemerke frå isfjell og pockmarks. Bilete.
PLØYEMERKE: Skuggerelieff av havbotnen basert på terrengmodell med oppløysning på fem meter mellom djupnepunkta. Havbotnen er prega av pløyemerke frå isfjell (furer danna av drivande isfjell som har tatt ned i havbotn) og pockmarks (runde groper danna av gass- eller væskeutstrømming). Djup: 280 meter.