Nytt sjøkart på Svalbard

Eit heilt nytt sjøkart som dekkjer farvatnet nord for Nordaustlandet, er utgitt. Hovudseriekartet har fått namnet «nr. 541 Nordporten–Sjuøyane». Farleia til Rijpfjorden blei sjømålt av Kartverket og MAREANO i 2016.

Dette betyr at det nå finnast ei kjend farlei for sikker navigasjon inn til Rijpfjorden. Denne farleia vil bli nytta av MAREANO til tokt i 2017 og 2018.

Sjøkart nr. 541 Nordporten–Sjuøyane blei utgitt 4. mai 2017. Kartet trykkast ikkje, men plottast på bestilling gjennom Print on Demand-tenesta

Kartet har ikkje eksistert tidlegare, og vil fra nå av inngå i Kartverket sin hovudkartserie på Svalbard. Sjøkart nr. 541 er i målestokk 1:100 000 og dekker fravatn frå Nordporten (nord i Hinlopenstretet), Lågøya, Nordkappsundet og til Sjuøyane.

Les meir om det nye sjøkartet på Kartverket sin nettstad, kartverket.no.

utsnitt frå sjøkart nr. 541. illustrasjon.

HOVUDSERIEKART: Utsnitt av sjøkart nr. 541 Nordporten–Sjuøyane på Svalbard, som blei utgitt som "nytt kart" i mai 2017.

Les også: Farled til Rijpfjorden kartlagt